Terminliste for karusellrenn og vinteraktivitet 2016

Her fin du all terminlista for ÅILs 2015-2016 vintersesong, samt kor alle renna blir arrangert.

logo åil

OBS! Om det ikkje er nok snø i ljosløypa i Kyrkjebygda (ved helsehuset) vert karusellrenna lagt til Bortelid. Kvar sundag etter klokka 17.00 vil aail.no vere oppdatert om kor renna bli. I bygda vert det kiosk med ymse sal, mens det ikkje vert kiosk på Bortelid. Spørsmål: Eirin tlf. 997 11 423.

Påmelding frå 17.30 og start klokka 18.00, både i bygda og på Bortelid. Dei som gjeng runden på jordet (dei minste), startar 17.50.

Måndag 11. januar: Karusellrenn          

Stad: Bortelid

Måndag 18. januar: Karusellrenn                        

Stad: Ljosløypa i bygda

Måndag 25. januar: Karusellrenn                        

Stad: Ljosløypa i bygda

Måndag 1. februar: Karusellrenn                         

Stad: Ljosløypa i bygda. Oppdatert sundag 31. januar.

Måndag 8. februar: Karusellrenn – SKØYTING FOR DEI SOM YNSKJER              

Stad: Bortelid. Obs! Lasse held oppe både kiosk og skibåndet for alle:-) Hugs at det og er skøyting for dei som ynskjer.  Oppdatert laurdag 6. februar.

Måndag 15. februar: Klubbmeisterskap                           

Stad: Bortelid. Oppdatert laurdag 13. februar. Lasse held oppe både kiosk og skibåndet igjen for alle:-)

 

Sundag 21. februar klokka 12.00: Bygdestafett – avlyst.

Informasjon i eige innlegg.

Påmelding innan onsdag 17. februar til Eirin Åsland: 997 11 42

 

Sundag 13. mars 12.00: Familiedag med skiskyting på Bortelid.

Mer informasjon i eige innlegg.

Påmelding innan torsdag 10. mars til Eirin Åsland på tlf. 997 11 423

 

Torsdag 31. mars: Premieutdeling på Minne

Premieutdeling for karusellrenna og klubbmeisterskapet. Alle fram til 4. klasse får pokal uavhengig av kor mange renn ein har vore på, frå 5. klasse og oppover får ein pokal om ein har vore på halvparten av renna. Alle som har delteke på minimum eit renn får i tillegg ein premie frå Telenor-karusellen. Etter premieutdeling er det årsmøte klokka 18.00, håpar mange har mogelegheita til å vere med på dette og!

Vel møtt!

Vintergruppa, ÅIL