Familiedag med skiskyting på Bortelid sundag 13. mars

Sundag 13. mars 12.00: Familiedag med skiskyting på Bortelid

Skiskyting 2

 

 

 

 

Ta med foreldra og søskena dine, og ta turen til Bortelid sundag 13. mars for å både lære og teste ut skiskyting med hjelp av dei flinke instruktørane Nils og Ragnhild Aurebekk . Aldersgrense for gevær er 4. klasse. Me håpar mange foreldre blir med for å hjelpe til og heie under stafetten! Dette er både for medlemmar av ÅIL og andre elles interesserte, hyttefolk og så vidare. Medlemmar av ÅIL har fyrsteprioritet om det skulle bli for mange, så fyrste mann til mølla! Maks 24 deltakarar, og 50 kr for dei som ikkje er medlem av Åseral Idrettslag. ÅIL spanderer pølser på borna.

Påmelding til Eirin Åsland på tlf. 997 11 423 innan torsdag 10. mars

Skiskyting 2

Skiskyting 1