Torsdagsturer for deg!

11392919_10152843026756691_5236595108362643917_nLivet er for kort til å gå på trimtur alene! Me starter opp att med «gåtur for alle»- på torsdager i juni og september.Her er oversikt over årets gåturar: 

Treng du eit nytt spark bak? 3 torsdagar i juni, og alle 5 torsdagane i september vil det igjen bli gåtur på ulike vegar rundt om i Åseral kommune, og me vonar at DU vil kome!
Turen vil vara i ca.2-3  timar, og her kan du gi på det du sjølv vil. Pulsen vil få litt og jobbe med på desse turene, men du  treng langt i frå ver i toppform! Du tek turen i ditt tempo, og kan snu når DU vil. Det blir tur UANSETT ver, her er det bare å kle seg etter forhalda.

Torsdag står jo for TUR. Når juni er over, vonar me at torsdagen mentalt er blitt etablert som ein tur-dag, og at du automatisk kjem deg ut i trimskoa fram til me startar att i september!
Ta gjerne med deg gåstavar, ein venn, og drikkeflaske:-)

 

JUNI:

2.juni:  Årets fyrste tur! I dag vil me til topps i Kyrkjebygd! Me møtes i Glypen, over Kyrkjebygd, klokka 18.00, og parkerer bilene der. Målet for turen er det kjente og kjære fjeddet Arenevet. Me startar bratt opp Bakkeliæ og går så over ein del myr på vegen mot Glypefjeddvarden og Arenevet. Denne turen blir på skogsveg, myr, og sti. Nydelig utsikt over Kyrkjebygda på toppen, som absolutt er verdt turen. Gåturen tek ca. 3 timer i rolig tempo. Mulighet for å snu ved Glypevarden, for ein meir behagelig og litt kortere tur.

9.juni: I dag skal me til topps i Eikerapen! Me møtes ved Eikerapen skisenter kl 18.00, før me tek turen opp trekket, og litt videre inn på fjellet, til eit nydelig utsiktspunkt. Turen tek ca 2 timer, og byr på flott utsikt, grusveg, sti og litt myr. Bli med på ein god torsdagstur!

16.juni: I dag skal me få sett ein skatt av ein gåtur på Smelands hei, og målet for turen er den kjente Varen, som gir nydelig utsikt og god trim for låra! Mykje av turen er i oppforbakke. Me møtes ved Smeland Kraftstasjon kl 18.00, og køyrer siste biten i felleskap, til turens startstad, Hesterlia. Turen er på skogsveg og sti. Vel møtt!

 

 

SEPTEMBER:

1.september: I  dag tek me turen til Snøfjedd (653 moh), ved Egså. Dette er ein flott tur til ein av dei høgaste toppene sør i Åseral. Me møtes ved grustaket som er rett etter «Egså» skiltet, inn til høgre. Me møtess klokken 18.00. Me parkerer her og går saman mot toppen. Det er skogsveg og sti mesteparten av vegen. Denne turen er ca. 2.5 timer lang, i rolig tempo.  Denne toppen er også historisk interessant. Under 2.verdenskrig hadde tyskerne ein observasjonspost på toppen av Snøfjedd.

 

8.september: I dag tek me turen til Lakkenstova, me møtes rett før demningen ved Kvernevatn på Ljosland kl 17.00. Det blir gratis kakao og bollar til alle inne på Lakkenstova. Denne turen tek ca. 3 timar med pause. Turen går på godt merka sti heile vegen, og det er ikkje veldig mykje stigning på denne turen. Ingen topptur denne torsdagen- men ein flott fjelltur du ikkje bør gå glipp av.

15.september: I dag går turen til Noregs sørligaste fjedd på over 1000 moh, Skoræ. Skoræ er også Åseral høgaste fjelltopp (1041 moh). Me møtes ved Farevatn på Ljosland, klokken 17.30, og set bilene der. Det er grusveg og godt merka sti mest heilt til topps. Turen tek ca 3 timer, i rolig tempo. Utsikten er uslåelig i Åseral! Bli med på tur!

22.september: Me tek turen opp til vakre Sjåvassknuten som ruver på heia over Kyrkjebygd, Åseral (834 moh). Me møtes i Glypen klokken 18.00, parkerer bilen der, og går opp den bratte Bakkeliæ, før me føgler ein godt merka sti inn- og opp til toppen. Unik utsikt, og greit å finne fram. Denne turen er relativt fuktig, og det anbefales joggesko du ikkje er redd for, eller gode fjellsko. Turen tek ca 3 timer tur\retur, i rolig tempo.

 

29.september: I dag blir det tur til Glomsdalsfjeddet. Oppmøte ved snuplassen på Åsland i Kyrkjebygd, klokken 17.00. Denne turen går på grusveg og merka sti. Turen tek ca 2.5 timer totalt, og går på grusveg og sti. Denne turen kjennes i låra og byr på nydelig utsikt over Kyrkjebygd. Møt opp på sesongens siste gåtur for alleJ

Alle som er medlem av ÅIL og blir med på 7 av dei 8 gåturane i juni og september vil du få ein valgfri 2XU-tights (verdi 1200 kr). Snakk om god avkastning!  

img11B (1)

Påminningar eller eventuelle endringar vil det bli orientert om på idrettslagets heimesider

aail.no eller facebooksida vår.