Velkommen til nissemarsj 3.desember

Laurdag 3.desember er det duka for årets Nissemarsj i Åseral. Me møtes i Austrud kl 18.00, der me får høyra ei spanande,lokal nisse-forteljing, før me så skal gå i nisse-tog (ca1.5 km).12191688_10153104828281691_5650780998105633211_n

Løypa funker fint for vogn. Løypa vil gå innom ein gammel låve, og kven veit, kanskje treff me nissen? ÅIL står for medaljer til alle, gratis bollar, kaffi, heimelaga kakao, mulighet for pølsegrilling (me står for pølsene) og bålkos ved Minne etter målgang. Finn fram nissehua og hand-fakkelen!
Pris: 20 kr.

Hjertelig velkommen til liten og stor!
-Medlemmar og ikkje-medlemmar!
Helsing frå ÅIL