Villmarkslaurdag med friskusen Tonje Helene Blomseth

MÅL: Åseral idrettslag, Åseral kommune og Flir vil saman gjerne oppfordra til fysisk aktivitet og glede i naturen, både i kommunen- og andre stader i vårt vakre land. Denne dagen trur me kan bidra til både inspirasjon og naturglede, for ung og gamal.

Arrangementet er støtta av Vest-Agder fylkeskommune.

 Program, laurdag 20.mai, 2017:
Kl 13.00-16-00: «UT Å GÅ»
Det blir fjelltur til Glypevarden med fjellgeita Tonje. Medan me på toppen nyt den makelause utsikta over bygda, vil eksperten Tonje læra oss god og velfungerande bålteknikk. Me møtast i Sosteli kl. 13.00. Veit du ikkje kvar Sosteli er, kan du møte ved rådhuset i Kykjebygd kl. 12.50. Me går i frå Sosteli til Glypen, på grusveg.  Dette er ein bratt tur frå Glypen og opp, og me går roleg i lag. Kle deg etter vêrforholda, og hugs sitjeunderlag. Fjellsko eller Gore-Tex joggesko er eit must. Turen passer for alle, og vil vare ca. 3 timar. Du kan gjerne møte i Glypen og (ikkje med bil)- møt der ca kl 13.15 🙂 
Ca Kl 16.30-18.00: «BLI KJENT MED FJELLET» og «TRADISJONSMAT»
Etter ein god fjelltur smakar det godt med mat. Det blir sal av herleg Åserals-jegergryte og ulik tradisjonsmat frå Åseral frå klokka 16.00-18.30.
Ca Kl 17.00-18.00: FLIR (Friluftsrådet) vil fortelje og inspirere med informasjon om fjellturar, hytteturar og liknande i region Sør. Dei vil også halde eit lite «introkurs» om kva det er lurt å ha med seg på fjelltur, og korleis ein kan pakke sekken sin lurt. Har du lyst til å lære deg kart og kompass, vil det også bli moglegheit for det!
«Eventyrjentene» (med mellom anna Tonje Blomseth) vil også gå kontinuerleg på kino-lerret inne på Minne, frå klokken 16.30-18.30, om ein vil trekkje seg litt tilbake og nyte ein god matbit i fred og ro, er det så absolutt mogleg.
 
Minnebua har turutstyr til sals: Butikken nede på Minne har diverse småting til sals, som turkoppar, turknivar og sitteunderlag. Det vil også bli sal av Aclima Ull-undertøy.
 
Tida før foredraget gir også ei flott anledning til å stifte nye kjennskap eller planlegge ein frisk tur.
 
Ca Kl 18.30-19.45: «BLI INSPIRERT av Tonje Blomseth».
Eit forrykande foredrag med Tonje Blomseth. Ho fortel om seg sjølv, villmarka og om det å følgje draumen, i staden for straumen. Dette vil du ikkje gå glipp av!
«Villmarkslaurdag i Åseral» er GRATIS for alle, og har ingen plassavgrensing- det er berre å møte opp!
 
Foredraget kl. 18.30 kostar 100 kr og det er kunn plass til 100 stk. Her blir det første mann til mølla med å reservere seg ein plass 
 
Påmelding foredrag:
Kristine Forgard, sms: 98471661 eller e-post: kristine@ovrebo.vgs.no
Tove Utengen, sms: 452 02 748 eller e-post: toveutengen@gmail.com
 
Arrangementet er støtta av Vest-Agder fylkeskommune