Siste «TORSDAGSTUR FOR DEG» før sommerferien

Det er meldt 19 grader og SOL på torsdag (15.juni)- det vil sei at alt ligg til rette for ein nydelig tur til ei ukjend perle i vår vakre kommune, Pikehei i ytre Åseral.

Me møtes og parkerer i Nevdalen, som er mellom Lundemyr og Egså. Det vil stå eit tydelig skilt her med «Parkering» her. Grete Berås, Sven Haraldstad og Oddvar Austegard er med som turledere denne torsdagen.
Det er litt stigning på denne turen, men det resulterer i ein NYDELIG utsikt i alle retningar på toppen.

NB! Puljeinndelinga har fungert bra til no- så, har du lyst på ein litt roligere tur er pulje 1 fint, og har du lyst på høg puls er det berre å møte opp i pulje 2 😀

Lengde: ca. 12 km t/r
Tidsbruk: ca. 3 t/r
Vanskelighet: middels kravande
Start: kl. 16.40 for pulje 1, og 17.00 for pulje 2.
Turleder med kvar pulje og ein GOD pause på toppen, med nistemat og drikke.

VEL MØTT!