Måneskinnstur til Ånebjør

Vekas sportslege anbefaling: ta ein kveldstur til Ånebjør med hovudlykt. Det blir tidlig mørkt, men på kvelden lyser månen og stjernor opp kvite fjell og vidder. Det er ikkje mykje ekstra ljos som trengs for å få ei heilt unik oppleving.

Ei slik kveldsstund kan ikkje kjøpes for penger, ei heller beskrives med ord- det må rett og slett prøvas! Både klassiske ski, skøyteski eller fjellski gjer susen- og ein treng ikkje gå heile vegen om ein ikkje vil. På dei 18 km (tur\retur) bruker ein alt i få 1.5- 3 timer.  Turstart finn du når du passerer Bortelid, og køyrer ned mot Juvatn, her er det eit pumpehus du kan parkere ved, og så er det berre å setje avgårde. Skiløypa stopper når du har kome til Ånebjør- så feil kan du heller ikkje gå. Eit godt tips er å ta med seg litt varm saft i sekken.

Ta med deg ein venn, kjæreste, eller hund- og kom deg ut.

God tur!