ÅIL på Sesilåmi 2018

Over: Ein spent gjeng på Brokke før start. 

Sesilåmi er eit 53 km langt turrenn frå Brokke i Aust til Sinnes i Vest. Skirennet gjekk  for fyrste gong i 1976, og med unntak av fire uvers-år har det stilt spente menneskjer på startstreken kvart år- også skiglade åsdøler.

Så var tida her igjen- vinterens store styrkeprøve stod for døra, og mange var svært spente. Vil dei nye felleskia fungere? Har eg pakka nok klær i sekken? Kva om eg får gnagsår?

Interessa for både buss og Sesilåmi var langt større i år enn i fjor, og til slutt blei det heile 25 (!) påmeldte til buss- med 24 som møtte opp klare til fight over fjellet.  Fjorårets helt og inspirator for mange, Knut Ljosland, var diverre sjuk, til far Kjell Ljoslands store skuffelse.  Han måtte stå på startstreken aleine i år. Det for bli revansj neste år.

Egil Håvorstad og Knut Ivar Mjåland var sjåfører- og frakta oss trygt opp til Brokke- og heim frå Sinnes.  Eineste krav for å få gratis plass i bussen deira var (i år – som i fjor) at ein måtte ver medlem av ÅIL.  Tidligere har det vore 16 medlemmer som har gjenge Sesilåmi samtidig – så  ny rekord på antall deltagere blei det også i år. Kjempegøy!

Målet med «gratis buss» er å få i gang litt aktivitet blant den «vaksne» delen av ÅIL-medlemmene. Det å ha eit mål og ei utfordring å trene mot kan vere fint og inspirerande for mange. Det blir også eit sportsleg fellesskap på tvers av alder og bakgrunn når ein melder seg på ei slik styrkeprøve som Sesilåmi er- noko som jo er svært trivelig og givande.

Nokon av dei som var med hadde som mål om å fullføre, andre hadde som mål å halda seg på 3-talet. Her er det rom for begge deler. Felles for dei fleste som var med i bussen frå Åseral i år er at  få driv med langrenn på høgt nivå- dei fleste har hatt nokre skiturar som trening, og tykkjer ski er fint. Dette gjer kanskje at terskelen for å bli med på Sesilåmi er låg- og det vil ÅIL gjerne at den skal vere. Me ønsker sjølvsagt dei godt trente hjertelig velkomen, men alt skal ligge til rette for at ALLE i ÅIL, uansett  nivå, kan vere med.  Det å teste seg sjølv, kome litt i form, treffe andre likesinna- og ikkje minst få ein fin skitur frå Brokke til Sinnes er vinn vinn.

Sesilåmi er ellers eit flott og velorganisert arrangement- med gjestfrie og gode matstasjoner, saniteten er på plass rundt i løypa – og ein blir ivaretatt med både medalje, varm saft og bollar straks ein er i mål…Og når bollen er fortært venter ein god, varm dusj, lapskaus (om ein vil) , yrende folkeliv og god stemning.

Kjempe innsats på dei som møtte opp– no er det berre å legge seg i trening mot neste års renn..Image may contain: 3 people, people smiling, people standing and shoes

Over: dei 3 beste damene i ÅIL

 

Image may contain: 3 people, people smiling, people standing and shoes

Over: Dei 3 beste herrene i ÅIL. Kjell Olav (3.plass)  har fortsatt ÅILs løyperekord på 2.42, frå 1989- så her er det berre å prøve seg!

Image may contain: 2 people, people smiling, people standing, outdoor and nature

Over: 2 spreke deltagere

Image may contain: 3 people, outdoor and nature

Over: Yngstemann i gjengen, Rune Hårtveit (18), her med sin far.

Image may contain: 19 people, people smiling, people standing and outdoor

Over: ÅIL på Sesilåmi

Image may contain: 2 people, people smiling, people standing, shoes and outdoor

Over: Til neste år vil jenta i rosa lengre opp på resultatlistene.. Watch out 😉

Image may contain: 1 person, smiling, snow, sky, nature and outdoor

Over: Inga Greipsland gjekk uten tid- men var veldig glad for å kome i mål.

Image may contain: 1 person, smiling, sky and outdoor

Over: Astrid Skeibrok i mål- raskere enn i fjor.

Image may contain: 1 person, smiling, standing, sky, outdoor and nature

Over: Siri Marit Aasland  i mål – også ho raskere enn i fjor.

Tenkjer du at det kanskje er for seint for å prøve deg? Tenk om att! Eldste deltakar til no frå ÅIL er Albert Ellingsen, som gjekk i klassen «menn 80-84 år» i 2004. Han var då einaste deltakar i sin klasse, og viser at det verkeleg aldri er for seint, om du har helsa med deg.

Deltagerliste ÅIL med tid:

Rolf Aasland Sesilåmi                 3.26.11
Torjus Aasland Sesilåmi Mål 3:47:20.3
Kjell Olav Austrud Sesilåmi Mål 4:18:32.2
Grethe Berås Sesilåmi Mål 4:28:03.0
Tove Utengen Sesilåmi Mål 4:52:28.7
Tore Forgard Sesilåmi Mål 4:54:07.0
Siri Marit Aasland Sesilåmi Mål 4:56:14.6
  Kristine Forgard Sesilåmi Mål 5:01:49.9
Oddmund Ljosland Sesilåmi Mål 5:06:24.3
Tonje Reiersdal Sesilåmi Mål 5:19:37.1
Kjell Johan Forgard Sesilåmi Mål 5:28:34.3
Morten Forgard Sesilåmi Mål 5:31:48.9
Kjell Ljosland Sesilåmi Mål 5:52:26.8
Espen Ljosland Johansson Sesilåmi Mål 5:56:39.0
Rune Hårtveit Sesilåmi Mål 6:35:45.8
Frank Hårtveit Sesilåmi Mål 6:35:54.0
Ole Nesland Sesilåmi Mål 6:35:55.4
Astrid Skeibrok Sesilåmi Mål 6:41:29.6
Espen Thorsland Sesilåmi Mål 6:43:44.0
Andreas Nesland Sesilåmi Mål 6:43:48.8
Kristin Abelseth Sesilåmi Mål 8:14:26.8
Lisa Hadland

Kenneth Hobbesland

Inga Greipsland

 Sesilåmi

Sesilåmi

Sesilåmi

Mål

Mål

Mål

8.14.41

5.02.25

Fullført uten tidtaking