Åsdøl til topps i Finnmark-skiløp

Image may contain: 3 people, people smiling, people standing

Det er alltid moro med åsdøler som gjer det bra. Olivia Forgard frå Åseral var sist helg med på sitt fyrste skirenn, og gjekk heilt til topps og vann kvinneklassen.

Olivia deltok i eit randone-renn, som altså går ut på å ver fyrste mann- eller dame, til toppen av eit fjell- på ski. Og så, etter at du har fått pusten att- er det om å gjer å renne ned så fort som mulig.

Les om rennet her (som forøvrig  dekker dameklassen litt smått, foruten resultatlista..). Det var rundt om 80 deltagere i rennet.

Tips oss gjerne om du veit om ein åsdøl som har vore med på noko sportselg. Ingenting for lite- ingenting for stort!