Til topps i Åseral- eit tilbakeblikk på 10 toppers 2017

Bilderesultat for Skoræ

Betre seint enn aldri- her kjem ein liten rapport frå fjorårets 10 toppers som ÅIL hadde i samarbeid med FLIR.

Mange var med på 10-topparen ”TellToppTur” i 2017 og gjekk heilt til topps i Åseral. Over 100 kjøpte «10-toppers kort» og 38 fullførte alle 10 toppene (5 om du var barn).

Få har nok traska opp og ned like mykje som primus motor for prosjektet, Åshild Moi Aasland. Ho har lenge ønskt seg 10-toppers i Åseral, og Åseral Idrettslag kunne i samarbeid med FLiR, med støtte frå Sparebanken Sør og Vest Agder fylkeskommune, sette startskotet 15. mai 2017. 

FLiR – Friluftsrådet for Lindesnesregionen

Tell ToppTur i Åseral er ein tradisjonell 10-toppar med turpostar som óg er knytt til TellTur, det digitale turpost-opplegget til friluftsrådet. TellTur er ein konkurranse for heile regionen der ein kan gå seg til poeng og premiekrus. Åseral har ikkje hatt så mange deltakarar før, og det er flest mandalittar som har vore på topp i resultatlista.

– Når vi i friluftsrådet tente på idéen om ein 10-toppar hadde vi ein draum om at få litt fart på TellTur i Åseral. TellTur starta vi opp i 2014, og vi skulle gjerne hatt fleire deltakarar i Åseral, seier leiar randi Byremo i FLiR. – No viser det seg at vi ikkje berre har fått ein flott oppslutning på Tell ToppTur og fleire åsdølar med på TellTur, men vi har ein frå Åseral som med god margin toppar resultatlista for heile regionen.

Terapi og kortreist lukke

Åshild Moi Aasland har gått Tell Topp-turane opptil fleire gonger. Vi lurte på kva som får ho til å gå så mykje på tur. Ho fortel at å gå på heia er terapi.

Bilderesultat for 10 toppers åseral

– Eg tek dagen som den kjem og er det megaflott ver kan det hende at eg tek ein annan tur heimatt, seier ho. Ho legg i veg som dagen skulle vere hennar siste, med nok mat og drikke, ull og tørre sokker i dagstursekken. Ho har fleire favorittoppar i Åseral, men fyst og fremst er det Glomsdalsfjeddet som lokker, då dette er rett utanfor døra hennar.

– Eg treng ikkje køyre bil dit, og det er ei kjempefin utsikt over bygda der. Så må eg óg nemne Skoræ, Åseral sin høgaste topp. Her kan du sjå til Sirdal og Gaustatoppen (antenna) på ein fin dag, og til Bertesknapen i Evje. Der har eg jo og vore, legg ho til.

 

Den største premien

Ein har kunne kjøpe kontrollkort på Minne, rådhuset og på bensinstasjonen. Pengane på salet går til idrettslaget. Dei har arrangert fellesturar til fleire flotte turmål , mellom anna til toppar som er med i Tell ToppTur. 2017s utvalde «10 toppar» var: Dagsturhytta på Ljosland, Skoræ, Snøfjellet, Sjåvassknuten, Skrivarknuten, Rofjellet, Åknesfjellet, Glomsdalsfjellet, Masta på Lognefjell og Storeslåtta i Eikerapen.

Både unge og gamle, vaksne og born har vore med, og dei fortjente ein pris alle som ein, seier Maya Hjertholm i FLiR. Og vi håper at alle har hatt fine turopplevingar, for det er det alt eigentleg dreier seg om. – Nokon tykkjer det er koseleg å gå med andre og andre er glad i å gå aleine. Men å kome seg ut i frisk luft og nyte vakre Åseral er vel den største premien, seier Hjertholm.

 

Sjå video av Åshild og favoritt-toppen hennar her: 

10 toppers i Åseral tar form