Torsdagstur for deg 2019

Velkommen til ny sesong med «Torsdagstur for deg» – er du klar?

Det blir gåtur 3 torsdagar i juni, og alle 4 torsdagane i september. Det vil bli gåtur på ulike vegar rundt om i Åseral kommune- nokre klassiske turar-og nokre nye, og me vonar DU vil med på tur. Me vil ha med ALLE uansett alder og form.

Turen vil vara i ca.2-3 timar, og her kan du gi på det du sjølv vil. Lår og kondisjon vil få litt og jobbe med på desse turene- om du vil, men du kan også velje å ta det rolig. Du tek turen i ditt tempo, og kan snu når DU vil. Det blir tur UANSETT ver, her er det bare å kle seg etter forhalda.
I år, som i fjor, prøver me også å starte i 2 puljer- der den fyrste pulja starter 15 minutt før den andre. Målet og tanken er at begge gruppene sannsynlegvis når målet til same tid og kan nyte turmålet saman med ein god pause. Dette vil bidra til at du som kjenner at du har lyst til å ta det ekstra roleg får sjansen til nettopp det. Og du som vil gi på litt, kan det. Me møtes alle til start i den gruppa me ønsker. Det vil gå ein «turleder» med kvar gruppe.
Torsdag står jo for TUR. Når juni er over, vonar me at torsdagen mentalt er blitt etablert som ein tur-dag, og at du automatisk kjem deg ut i trimskoa fram til me startar att i september!

Ta gjerne med deg gåstavar, ein venn eller ein hund, litt pausesnacks og drikkeflaske:-)
Alle er hjertelig velkomne- medlemmer og ikkje medlemmer!

6.juni: I dag skal me bli med på ein heilt ny og spanande tur til ei relativt ukjend perle inne på Geithei. Familien Astrid Skeibrok viser veg til fjellhytta si, og fortel frå området. Det blir ein god pause ved hytta. Me møtes på parkeringa ved Berge, som ligg rett før Bortelid. Turen går på veg, sti og myr, og heile turen har ca. 300 meter stigning, så litt opp i høgden skal me. Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.30 (roleg tempo) eller 17.45 (vanlig tempo).

Lengde: 6.5 km Tidsbruk: 3 timer inkl pause

Turleder: Astrid og Alexander Skeibrok

13.juni: Denne torsdagens tur blir både historisk og vakker. Me møtes ved Vorestean, som er ca. halvvegs inn til Juvassdammen- her er det parkeringsmuligheter, og det vil bli tydeleg skilta kvar du kan parkere.  Me går opp Kålvedalen, og tek ein liten stopp ved minnesmerke der frå andre verdskrig. Me får høyra historiene bak og kva som hende her. Så går turen til Prestvorhei og Prestvarden på ca 900 moh, her er det nydeleg utsikt i alle retningar. Me går så ned Pikvardalen, og så tek me ein saftstopp i Stikkehytta til Ove Austegard. Så er det over Skrubbemyr- før me er nede at. Turen tek ca 3 timer inkludert god pause. Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.30 (roleg tempo) eller 17.45 (vanlig tempo).

Lengde: ca 8 km Tidsbruk: 3 timer inkl pause

Turleder: Oddvar Austegard og Kari Røynlid

20.juni: Det blir tur til Skoræ- Åserals høgaste topp og Noregs sørlegaste over 1000 meter. Som alltid blir det nydeleg utsikt og fantastisk natur- både opp og ned. Me parkerer bilene ved Farevatn på Ljosland og starter turen her. Godt merka sti heilt til toppen.. Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.30 (roleg tempo) eller 17.45 (vanlig tempo).

Lengde: 9 km Tidsbruk: 2.5-3 timer

Turleder: Kristine og Olivia Forgard

September:

5.septemer: Denne torsdagen går turen til Åknesfjedde. Me møtes ved Lognavatn grendehus og starter turen her. Merka sti til toppen. Nokre stader med ganske bratte parti, her er det tau å halde i. Ellers greit terreng og god sti. Flott utsikt over Lognavatn på toppen.  Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.30 (roleg tempo) eller 17.45 (vanlig tempo).

Lengde: 2 km Tidsbruk: 2 timer

Turleder: Kari Røynlid og Nina Ludwig

12.september: Me møtes på Kyrkjebygd skule og tek turen opp til Rofjeddet. Dette er ein relativt bratt tur- som gir nydelig utsikt over bygda. Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.30 (roleg tempo) eller 17.45 (vanlig tempo).

Tidsbruk: 1.5 time Lengde: 2 km

Turleder: Cathrine Thorsland og Kristine Forgard

19.september: I dag skal me gå ein klassikar som gir god utsikt over Kyrkjebygd. Me skal gå «Arenevet rundt» – inkludert Glypevarden. Me parkerer i Sosteli og møtes i Glypen, før me tek fatt på den berykta Bakkeliæ. Me går så via Glypevarden og rundt, før me går ned ved Arenevet, og tilbake til bilane. Turstart frå Glypen i to puljer med kvar sin turleiar: 16.30 (roleg tempo) eller 16.45 (vanlig tempo).
Tidsbruk: 3 timer  Lengde: 6 km

Turleder: Kristine Forgard og Oddvar Austegard

26.september: Årets siste torsdagstur i Åseral. I dag skal me gå til Sostelifjedde i Kyrkjebygd. Me parkerer med jernaldergarden Sosteli, og går saman her i frå opp til fjellet- videre langs eggen, og så ned Vindmarka. Nydelig utsikt og god trim! Turstart frå Sosteli i to puljer med kvar sin turleiar: 16.30 (roleg tempo) eller 16.45 (vanlig tempo).
Tidsbruk: 1.5- 2 timer Lengde: 3 km

Turleder: Åshild Aasland og Marianne Austrud

PREMIERING GÅTURER:

Medlemmer av ÅIL som er med på 6 av dei 7 torsdagsturene får velje enten ÅIL-treningsjakke eller bukse i vind\vann-avisande materiale. Treningsdressen har også eit tynt lang med merioull på innsida. Denne finnes til både barn, herre og dame. Dette er god grunn til å berre kome seg ut på torsdagstur!