Sesilåmibuss 2020

Det er mange fordeler med å vere medlem i ÅIL, ein av dei er gratis buss til årets finaste skitur, Sesilåmi.

Har du lyst til å prøve deg på ein real styrkeprøve? Ha eit konkret treningsmål? Kva med Sesilåmi?

Sesilåmi er eit vakkert høgfjellsrenn på 53 km som går frå Brokke i Setesdal til Sinnes i Sirdal. Du får gå ei heilt unik løype som kun er oppkøyrd i samband med dette rennet. I motsetning til Hovdentour, der ein kan skimte «Hovden sentrum» mest heile vegen, går du her djupt inn i fjellheimen, og du kjem endåtil i mål i eit nytt dalføre.

Åseral Idrettslag vil ha DEG med på Sesilåmi 2020, som i kommende sesong arrangeres lørdag 14. mars.
I fjor var me ein flott gjeng på heile 24 stk som stilte til start- der dei som var med brukte alt i frå 3 timer til over 7 timer- så dette er for alle som vil prøve seg. Her kjem ein også saman med ein super gjeng, som er positive og sporty, i alderen 17 til 70. .Og mestringsfølelsen ein kjenner på ved målgang- den er god!

Dersom vi blir en gjeng på minimum 10 stk vil Åseral IL sponse bussreise Kyrkjebygd-Brokke-
Sirdal-Kyrkjebygd.
(Gjelder kun medlemmer – er du ikke medlem – meld deg inn 🙌🏽)

Meld deg på bussturen innen 1. desember til:
Kristine Forgard tlf/sms 984 71 661
eller mail: kristine@ovrebo.vgs.no

Les meir om Sesilåmi her: http://www.sesilami.no/

Innmelding i idrettslaget kan gjeres her;
http://aail.no/bli-medlem/

Bli med oss på vinterens vakreste skitur (virkelig!)