AVLYST: Nissemarsj 2020



Du er hjertelig velkomen på årets nissemarsj! Me møtes i Austrud klokka 18.00. Kom gjerne oppkledd som nisse eller nissehjelper- dette gjeld både liten og stor. Me går så saman med sjefsnissen i front (med minst ein meters avstand) i nissetog opp til Åserals-heimen der me syng ein jolesong eller to- og seier hei til dei som bur der. Me går så mot løypas høgdepunkt, nisselåven i Nordstova, der me får høyre litt om nissen på garden- og kanskje får me sett snurten av han? Eller er han kanskje flytta ut i desse Korona-tider?
Løypa funker fint for vogn ettersom det kun er på asfalt og hard grus (OBS! på mulig nysnø er kanskje beremeis best).
Marsjen er ferdig med Minne Kultursenter, og der får alle servert ein rykande varm kopp med kakao + krem, samt ein bolle. Bålpanna er også i fyr og flamme her, så om nokon vil grille medbrakte pølser eller anna, så er det også mulig.
I år blir det ingen samling inne på Minne etter marsjen.
Finn fram nissehua og hand-fakkelen (eller hovudlykta) + refleks og bli med!
Turen er ca 2 km lang.
Pris: 20 kr pr person (vippses til: 506870- merk med «Nissemarsj» )

Hjertelig velkommen til liten og stor!
–Medlemmar og ikkje-medlemmar!
Helsing frå ÅIL