Vil du bli medlem av åseral treningssenter?

Mange har treningskort på Åseral treningssenter som går ut i desse dager. Gjeld dette deg? Om du vil oppdatere kortet ditt, sjekke kva tid det går ut- ELLER om du ønsker å bli eit nytt medlem  kan du kome innom treningssenteret i dag (torsdag 4.februar), mellom
19.30-20.30 -eller på måndager mellom kl 18.00-19.00✅😀
Me er kjempeglade for alle som vil trene hos oss- og ønsker fleire velkomen! 
Du kan betale med Vipps eller overføring til bankkonto.  
 

Kva koster det å ver medlem av Åseral treningssenter?

MEDLEM ÅSERAL IL:

HEILÅRSKORT FOR MEDLEM AV ÅIL: 1500 kr

HALVÅRSKORT FOR MEDLEM AV ÅIL:1000 kr

IKKJE MEDLEM ÅIL:

HEILÅRSKORT: 2500

HALVÅRSKORT: 2000

Grunna Korona er det ikkje tillatt med månedskort eller Drop-in no- det einaste er kvar måndagar mellom 18:00 og 19:00. Då er treningssenteret opent for elevar i ungdomsskulen (gratis). ÅIL vil difor prioritere ungdommar denne timen sidan det kun er denne timen i veka dei har lov å bruke treningssenteret. Me må difor be andre, dersom det er mogleg, å trene før eller etter denne timen. 

REGLAR FOR TRENINGSSENTERET

Utvida reglement for smittevern i samband med Covid-19:

  1. Skriv deg inn med namn og telefonnummer når du kjem og når du reiser, max treningstid er 1,5 timer pr dag.
  2. Viss du ser på lista at det er over 15 personer i treningsromet, har du ikkje høve til å trene, men må vente til antalet er i samsvar med maksantal.
  3. Du skal IKKJE bruka same sko inne i treningsromet som du går på ute. Sko og ytterklede skal setjast i gangen..
  4. På toalettet må du også sprite før og etter bruk.
  5. Du må halde avstand til andre i romet (1 eller 2 meter avhengig av låg eller høg intensitet)
  6. Hugs å sprite utstyr etter bruk! 
  7. Er du sår i halsen, forkjøla eller liknande skal du IKKJE nytte treningsromet.
  8. Alle brukar treningsromet på eige ansvar og har difor eige ansvar for å fylgje dei retningslinjene ÅIL har set i samsvar med beredskapen i Åseral Kommune.
  9. Brot på reglane medfører advarsel ein gong. Dersom brukar bryt same regel ein gong til fører dette til utestenging frå treningssenteret i ein månad.
  10. Brot på reglane kan føre til at ÅIL må stenge treningssenteret.
  11. All trening skjer på eige ansvar. Medlemmet er sjølv ansvarleg for at eigen helsetilstand er eigna til fysisk aktivitet, og at nødvendig kunnskap om utstyrsbruk er tileigna. Medlemmet aksepterer at treningssenteret ikkje kan haldast ansvarleg for personskader, eller skade og tap av personlige gjenstander under opphald på senteret. Medlemmet plikter sjølv å sjå til at treningsutstyr fungerer før bruk.
  12. Aldersgrense: Året du fyller 16 år. Ungdom mellom 13 og 16 år kan få adgang til treningssenteret berre saman med lærar, instruktør, fysioterapeut mv (organisert aktivitet).
  13. Treningssenteret tek ikkje ansvar for klede og personlige eigendelar, sjølv om desse er låst inn i garderobeskåp.
  14. Adgangskortet er personleg og kan ikke lånast ut til andre. Medlemmet pliktar umiddelbart å melde frå om tap av adgangskort.
  15. Det er strengt forbode å sleppe inn personar som ikkje har adgangskort. Det er kun lov å ta med ein gjest dersom vedkomande betalar drop in og du sjølv er tilstades. Ved første gongs brot på denne regelen blir det gitt advarsel, ved fleire brot på denne regelen, mister medlemmet adgangskortet for eitt år.
  16. Grunna loggføring og tryggleik må alle bruke adgangskortet. Eit medlem kan ikkje opne døra for medlemmar som ikkje har med seg adgangskortet.
  17. Medlemmet pliktar å bruke reint treningstøy og reine innesko. Eige handkle må takast med etter behov. Etter bruk skal apparatet/utstyret reingjerast med desinfiseringsmiddel og papir.
  18. Vekter og utstyr skal ryddast på plass etter bruk. Avfall skal kastast i søppeldunkane. Mislighald av desse reglane kan føre til utestenging av senteret.
  19. Ein kvar bruk av dopingmidlar er forbode.
  20. Medlemmet pliktar å setje seg inn i rømningsvegar og branninstruks.
  21. Senteret stenger kl. 22.00. Alle brukarar må vere ute av fleirbrukshallen seinast innan klokka 22:15. Alarm blir aktivert etter stengetid. Eventuell brot på denne regelen som medfører utrykning av brannvesen vil bli belasta med kr. 5000,-.
  22. Einkvar form for fotografering eller filming i treningssenteret som involverer ein annan part må eventuelt godkjennast av den det måtte gjelde. Fotografering og filming i garderober er strengt forbode og vil bli anmeldt.
  23. Trening i bar overkropp er ikkje tillatt.
  24. Dersom du ser at andre bryt reglane i treningssenteret, pliktar du å varsle styret i ÅIL eller vaktmeister.