Intervalltrening med ÅIL


Hjertelig velkomen til ÅIL si fyrste intervalltrening på Åserals flotte friidrettsbane!
3 tysdager har du muligheten til å bli med på nokre knallgode økter som gir god effekt på både kondisjon og fart.
Kvar og ein spring intervallene i SI fart. Ein må absolutt ikkje ver i god form for å delta!

Kven er treninga for? Alle! Jenter, guter, kvinner og menn som har lyst på ei god økt- frå 15 år og opp.
Kva treng du? Joggesko, behagelige klær og ei drikkeflaske.
Varighet? Inkludert god oppvarming og litt tøying varer intervalløkta ca 60 minutter.
DATOER: 18.mai, 25.mai og 1.juni, kl 18.00-19.00
Ønsker du mest mulig ut av treninga di på kortest mulig tid? Då kan intervalltrening ver noko for deg! Intervalltrening er også kjent som raskeste veg til bedre kondisjon- så om ein har eit ønske om betre «kondis»- så er dette ein god start.
NB! Intervalltrening er ei relativt hard treningsform (uansett kva form ein sjølv er i), så sliten blir ein. Men du verden så digg etterpå! 🙂
Instruktører: Kristine Forgard og Tonje Reisersdal
VELKOMEN