Til alle 2015 og 2016 – modellane

Interessert i vera med på eit fotballag?

Viss du har lyst og moglegheit til å vera med å spela fotball, så vil microlaget snart starta opp att. Du kan byrja på micro det året du fyller 6 år. Det blir då saman med 1. og 2. kl. Dei yngste, dei som går siste året i barnehagen, må ha med seg ein vaksen på trening.

Det blir trening ein dag i veka fram til våren, så blir det kampar mot lag i indre bygder. Det er Knut Fosse og Thomas Repstad som skal vera trenarar. Treningane blir onsdagar kl. 17.00-18.00. Fyste trening blir etter planen 24.11.

Sei i frå til Thomas Repstad (tlf. 90775069) viss dette er noko du kan tenka deg å vera med på. Svar innan 22.11 Send fullt namn og e-postadresse på sms til Thomas saman med påmeldinga.

Vi bruker ein praktisk app som heiter Spond til all kommunikasjon med fotballaget. Ved registrering vil de få ein sms med info om pålogging.

Vi håpar du blir med J