Bli med på treningskveld med inger in dubai

KVA?
Bli med på ein heidundrande lærerik, svett og gøy aften i Åseral!
Me starter med eit lite motivasjonsforedrag om kosthold og fysisk aktivitet\psykisk helse med Inger in Dubai, før me flytter oss over i Fleirbrukshallen der Inger kjører ei knallgod treningsøkt som passer for ALLE. Til slutt blir det GRATIS restitusjonsdrikk, frukt og sunn snacks til ALLE 🙂
FOR KVEN?
ALLE, frå 8.klasse og oppover. Jenter, gutter, kvinner og menn, gamle og unge. Både Åsdøler- og alle andre er hjertelig velkomne!
 

KVEN ER INGER I DUBAI?
Inger Houghton (37) har vore ei av Norges mest kjente treningsprofiler i mange år. Etter kvart som åra har gått, har også populariteten til Inger i sosiale medier bare økt og økt. Ho mixer humor med treningsinspirasjon, og er rett og slett eit fyrverkeri av ei dame. Namnet kjem frå hennar Instagram, og bygger på at ho budde 9 år i Dubai, der ho jobba som PT og kosthaldsrådgiver.
KVA TID?
Torsdag 2.februar klokka 18.00-19.45 i Fleirbrukshallen i Kyrkjebygd, Åseral.
PÅMELDING:
Pris: 100 kr inkl foredrag, treningsøkt, restitusjonsdrikk og sunn snacks.
Bindande påmelding skjer på SMS til: 98471661.
 
Betaling skjer med vipps (100 kr til #506870) eller overføring til konto 3148.11.00405). Vis kvittering på betaling ved inngang til event.
Maks plass til 60 stk