Fyrst og fremst: tusen takk til deg som er medlem av Åseral treningssenter- uten deg, ingen treningssenter

Me har også plass til fleire medlemmer, så om du vurderer å melde deg inn, skal du vere hjartelig velkomen (uansett form og fasong


). Me har ope kontor kvar måndag frå klokka 18.00-19.00, og du finn kontoret inne på treningssenteret i fleirbrukshallen. Velkomen innom!
Me minner så om nokre av reglene for treningssenteret:

For å trene aleine på treningssenteret må du ha ei eiga, aktiv brikke for å kome deg inn. Du kan ikkje låne vekk brikka di til andre, eller låne andres brikke. Dersom du ikkje har ei aktiv brikke kan du bli med ein ven/familiemedlem, men du må då vippse 75 kr pr.gong til 506870.

For å få eiga brikke må du fylle 16 år det året du kjøper deg brikke. Det vil sei: dersom du går i 10.klasse og fyller 16 år i 2026, kan du kjøpe eiga brikke i 2026.

Dersom du har vore på introkurs kan du trene gratis kvar måndag kl 18.00-19.00, ut året du fyller 16. Du kan og, dersom føresette har eiga brikke og er med deg på senteret, trene gratis fram til året du fyller 16. Det er IKKJE lov å låne mor eller fars brikke og gå aleine på treningssenteret, uansett alder.

Det er ikkje mulig å pause abonnementet, gi det til nokon andre, eller få refundert penger dersom du angrer kjøpet. Kjøpet er personlig.
Rydd opp etter deg, og vask apparat, manualer og treningsmatter etter bruk- alltid


Det står sprayflasker rundt om i lokalet til dette føremål.