Bygdestafett sundag 21. februar – avlyst

Bygdestafetten er beklageligvis avlyst, for få påmeldte.

I år vert bygdestafetten til Åseral Idrettslag med utkledning! Sundag 21. februar klokka 12.00, utdeling av startnummer frå 11.30. Premiering til laget med best utkledning, samt det raskaste laget. Om du eller ditt lag ikkje ønskjer å kle dykk ut, er dykk hjarteleg velkomen uansett, sjølv om me i ÅIL håpar mange kler seg ut!

Bilde stafett

 

 

 

Me håper mange kjem, og foreldre og born må gjerne lage lag saman, eller korleis ein sjølv ønskjer. Laga må bestå av tre deltakarar, her kvar deltakarar må gå ca. 2 km.

 

Stafetten vil i utgangspunktet bli heldt i ljosløypa i Kyrkjebygda (parkering med helsehuset/rådhuset), men om det ikkje er nok snø vert rennet lagt til ljosløypa på Bortelid. Vert det fint vêr vil me tenne opp bål, om ikkje held me kiosk slik at alle kan kjøpe seg pølser og diverse. På Bortelid vil og alle kunne grille pølser om vêret vert fint, om ikkje er kiosken i varmestova uansett open.

 

Håpar mange still opp – unge som gamle 🙂 Me håper og at mange av hyttefolket ønskjer å delta på den årlege bygdestafetten til ÅIL!

 

Påmelding innan onsdag 17. februar til Eirin Åsland: 997 11 423. Om du send melding så gjerne send namn på dei tre deltakarane og namn på laget.