Medlemskap og årskontingent

kontingentI desse dagar har dei fleste motteke faktura for medlemskontingent. No kan du betale online på www.minidrett.no og spare klubben for mykje tid og ressursar. Treng du hjelp til dette, ta gjerne kontakt med oss.  I 2015 gjekk ÅIL over til idretten si nye medlemsregisterløysning, KlubbAdmin. Alle som er medlem i eit idrettslag får då si eiga personlege profil på www.minidrett.no. Her kan du melde deg inn, betale kontingent og lisensar, melda deg på konkurransar og kurs og administrera dine medlemskap.

Merk at det er fleire måter å betale kontingenten på! Ver venleg å betale den til forfall. Å sende ut faktura og purringar i posten er den mest kostbare og ressurskrevande løysinga for klubben. Kvar einskild KID-faktura kostar idrettslaget 14kr, i tillegg må kvar faktura skrivast ut, leggast i konvoluttar og leverast på posten. Dette krev mykje tid.

Så har du ein e-post, betal fakturaen online på www.minidrett.no, så bidreg du mykje til at lagets frivillige kapasitet kan fokuserast på aktivitet og idrett!

Ynskjer du ikkje lenger å stå som medlem, er det betre at du gjer oss beskjed, enn å berre oversjå fakturaen. Då kan me raskt få meldt deg ut, og unngår slik å sende ut unødige purringar.

Ved utmelding, gje beskjed på: tove@aail.no/45202748