Friidrettskveld i Åseral

last ned (1)

DU er hjarteleg velkomen til Åseral idrettspark tysdag 30.august, kl. 18.00.

Det vært denne kvelden høve for LITEN og STOR å ta ulike idrettsmerker.
Krava varierer etter kjønn og alder, så dette passar både for barn frå 9-10 år og dei som nærmar seg 100. Ein kan óg la det bli ein familie-konkurranse der ungane konkurrerer mot foreldra. Kven er best?
Greier du idrettsmerket får du premie, og greier du det ikkje får du likevel mosjon!
Born i 5.-7. klasse kan ta friidrettsmerke for barneskulen, born i 8.-10. klasse kan ta ungdomsmerke og dei over 16 år tek ordinært idrettsmerke.
Dei som går på barne- eller ungdomsskulen må utføra eitt løp, eitt hopp og eitt kast. For dei vaksne er det dei ordinære krava for idrettsmerke som gjeld og her er det mogeligheiter til å velja mellom 20-30 ulike øvingar.. Krava til merke finnes på internett: Born og ungdom: http://www.friidrettiskolen.no/aktivitetstilbud/friidrettsmerket/Sider/default.aspx
For vaksne; http://home.online.no/~vidsimm/krav.htm

Eksempel på gjennomføring av idrettsmerket for vaksen\ungdom: 

3000 m + 100 m+kulekast+lengdehopp

Det vart servert GRATIS frukt, bollar, kakao og saft denne kvelden!
PS. Det viktigaste er ikkje om alle klarar dei ulike krava, men at unge og vaksne har det moro ilag!
Du er naturligvis velkomen opp utan trimklær også- som støtteapparat!
VEL MØTT!