Sesilåmi og ÅIL

Image may contain: one or more people, people standing, snow, mountain, sky, outdoor and nature
Spreke åsdølar på historias fyrste Sesilåmi: Elling T, Elling O. Eikerapen, Kjell Olav Austrud, Lars Magnus Reiersdal og John Abelseth.


4.april 1976: Skigjengen frå Åseral spenner på seg dei nyinnkjøpte og moderne plast-skia, treningstimane på Thorslandsheia skal snart vise seg i resultat og dunjakka til Elling T lukter svidd etter fleire uhell i smøreboden. Ein gjeng staute karar frå Åseral er klare for historias fyrste Sesilåmi.

Sesilåmi er eit 53 km langt turrenn frå Brokke i Aust til Sinnes i Vest. Skirennet gjekk altså for fyrste gong i 1976, og med unntak av fire uvers-år har det stilt spente menneskjer på startstreken kvart år- også skiglade åsdøler.
Namnet «Sesilåmi» er sett saman av Setesdal, Sirdal og Låmi. Låmi tyder løype, og «Sesilåmi» blir altså då «løypa mellom Setesdal og Sirdal». Og for ei vakker løype! Ved Brokke Alpinsenter og startpunkt for turen er ein på 550 meters høgde, videre slyngar løypa seg magisk oppover mot høgaste punkt, rundt 1000 moh (ved Øyuvsbu), før me stupar ned mot mål på Sinnes, som også ligg på rundt 500 moh. 53 magiske kilometer, som åsdølane nok kjende godt i låra denne søndagen i 1976.

Løyperekordane er frå 2007 der Svein Tore Sinnes fortsatt har rekorden for herrer på 2.13.12 og Jorunn Øye for damer på 2.39.49. ÅIL rekorden er 2.42, og den har Kjell Olav Austrud. Dette var i 1989- så her er det berre å prøva seg!
Lat oss gå attende til denne aprildagen i 1976. Det fyrste rennet. Sesilåmi med stor S. Dei fem karane på bildet hadde trena og pusta som nokre helter i Thorslandsheia fleire veker før Sesilåmi. Fram til midt på 70-talet var treski det som gjaldt, og her var det svært variable erfaringer med både feste og glid. Desse nye plastskia var gode og glei utrulig godt, men dei var litt i overkant stive, så det var ikkje alltid rå og få godt feste. Men, ingen skulle sei at dei ikkje hadde forberedt seg, og alle var i brukbar form når renn-dagen kom. Taxi Andreas Forgard og 7-seteren fekk i oppdrag å transportere karane trygt til Brokke. Startnummera vart delt ut og John Abelseth fekk start nummer 1, og leda så ann. Dette skulle heller ikkje bli Johns siste renn, han var med totalt 16 gonger (med rekord på 3.40) på Sesilåmi. På løypas topp-punkt denne søndagen i 1976 ryktas det om at Elling T fekk bomma ein røyk av ein befal som stod løypevakt her- det var nok heilt sikkert godt med eit avbrekk frå slitet i løypa. Om det er derfor resultatet til sistnemnde ikkje er å finna nokon plass, er ukjent- Elling T er i alle fall borte vekk frå alle lister. Lars Magnus unna seg ingen røykepause, men røyk likevel på ein smell i siste bakkane ned mot Haugen, han slo seg kraftig, men kom i mål til ei rimeleg grei tid trass i dette.

Over: For Elling O Eikerapen vart det så hardt at siste delen av rennet forsvann rett og slett frå minnet.Då har ein verkeleg gitt alt!


Gjengen på øverste bilde er forøvrig registrert under idrettslaget «Kollungtveit» i 1976, og me må heilt til Sesilåmi 1978 før dei fyrste deltakarane gjeng i ÅIL sitt namn.
I 1978 stiller heile 10 stk for Åseral idrettslag, med Kjell Olav Austrud og Reidar Åsland som raskast i sporet. Dei andre som våga seg utfor ein vårdag i ’78 var: Toralf Austrud, Harry Åsland, Oddmund Ljosland, Tarjei Bredland, Sverre Forgard, Jørgen Åsland, John Abelseth, og Asbjørn Bortelid- og alle gjekk på under 6 timar.  Grete Forgard prøvde seg i løypa- men ho brukte over 8 timer, og blei dermed ikkje med på resultatlista.
I 1980 finn me dei to fyrste åsdøl-damene på resultatlistene, med Birgit Dåsvatn og Kari Thorsland, som begge brukte i underkant av 6 timar. Då Sesilåmi starta opp var arrangørane i tvil om dei skulle tillate damer i rennet, sidan dette kunne bli litt vel tungt for det svake kjønn.. Heldigvis kom dei på betre tankar, og Birgit og Kari var gode forbilder for resten av åsdøl-damene som blei med i åra etter.
Tida går, og det er no rett over 40 år sidan det fyrste Sesilåmet vart skote i gong. Det har vore med mange åsdølar gjennom åras løp, og resultata er gode! Det å gjennomføre eit slikt renn er i og for seg ein bragd i seg sjølv- og ikkje minst ein personleg test! Ein har brått eit mål som ligg langt der framme- og så er det naturlegvis gøy med litt konkurranse også.

Tenkjer du at det kanskje er for seint for å prøve deg? Tenk om att! Eldste deltakar til no frå ÅIL er Albert Ellingsen, som gjekk i klassen «menn 80-84 år» i 2004. Han var då einaste deltakar i sin klasse, og viser at det verkeleg aldri er for seint, om du har helsa med deg.

Over: Albert Ellingsen, den eldste åsdølen nokon gong på Sesilåmi.

I 2017 stilte 11 stk. til start i Åseral idrettslag sitt namn. Med gratis buss frå Kyrkjebygd, for alle medlemmer, blei det ein behageleg start på dagen. Vel framme på Brokke var det tid for siste matbit, smørjing og taktikk-diskusjon. Sola var framme og himmelen var tindrande blå- heilt perfekt for ein slik dag.

Image may contain: snow, sky, outdoor and nature

Over: startnummera er henta, og det er knappe 30 minutter til start i 2017. 

Nokon hadde som mål om å fullføre, andre hadde som mål å halda seg på 3-talet. Her er det rom for begge deler. Mest imponerande var kanskje Knut Ljosland sin innsats, med spontan påmelding 3 dagar før rennstart, og knappe 2 km på lånte ski kvelden før rennet som einaste erfaring. Knut gjekk i skispora til både bestemor, mor og far, som er tidlegare deltakarar.

Over: Knut Ljosland gir alt han er god for inn mot mål. Dagen etter makter han ikkje å reise seg frå sofaen. 

Elles: Ingenting smakar så godt som havresuppe etter nokre mil på ski- og sjølv om kilometerane kjendest seige var det topp innsats på alle saman i år.

Image may contain: 10 people, people smiling, people standing, sky, outdoor and nature
Sesi 2017. Frå venstre: Knut Ljosland, Kenneth Hobbesland, Kristine Forgard, Astrid Skeibrokk, Rolf Arthur Asland, Torjus Asland, Sven Haraldstad, Grethe Berås, Torunn Tjelland, Tove Utengen og Kjell Olav Austrud.
Topp-10 lista over ÅILs raskaste menn og kvinner (trykk på bildene for større size) :

Me i Åseral idrettslag meiner me har ei umåtelig sporty bygd, og håper på ennå større oppmøte neste år, med både unge og gamle på startstreken. Her er det plass til alle som vil! Dette rennet kan tas som ein tur- eller som ein beinhard konkurranse.

Over: løypeprofil Sesilåmi.

Tekst: Kristine Forgard 

Eldre foto lånt av: Lars Magnus Reiersdal og Kjell Olav Austrud

Har DU ei god Sesilåmi-historie, del den gjerne med oss, slik at den kan bli ein del av dette dokumentet.

Finn du nokre feil? Ta kontakt!