Villmarkslaurdag med Tonje Helene Blomseth

Image may contain: 4 people, people smiling, people standing, outdoor and nature

Til topps på «Glypevarden»: 2 godt gravide og vesle Birk på 5 veker kom seg heilt opp til toppen. Sjølv frøken Blomseth lot seg imponere!

Tonje, kjent frå både «Kjendis-farmen», «Eventyr-jenter», «Bloggerne» og mange ekspedisjonar, vitja Åseral kommune i samband med ÅIL, Åseral kommune og FLIRS «villmarkslaurdag».

Det var grått, tåka hang tungt over fjella og regnet ausa etterkvart ned. Ville nokon møte opp til fellestur med bålkurs i dag? Ja, det ville seg faktisk slik denne laurdagen. Til slutt var det rundt om 50 stk som stod klare til å ta fatt på  Bakkeliæ- som er fyrste utfordring på veg mot «Glypevarden» (800 moh).  All ære til denne flokken! Alle (nesten) kom seg til topps, og sjølv om bålkurset måtte utgå grunna ein kald og våt turflokk, blei det ei frisk og fin oppleving på toppen.  Nokre tok seg tid til ein liten mat og kaffikopp, medan andre benytta anledninga til å få litt turtips frå «villmarks-prinsessa» Tonje.

Image may contain: one or more people, people standing and outdoor

Over: ei frisk og flott gruppe på toppen av «Glypevarden»

Image may contain: 1 person, smiling, standing and outdoor

Over: I følge mor sov Birk (5 veker) mest heile vegen.

Image may contain: 1 person, standing, outdoor and nature

Over: På veg ned letta tåka litt.

 

Image may contain: one or more people, people standing and outdoor

Over: Nokre av dei 4-beinte fekk ekstra god service.

Image may contain: 1 person, smiling, standing, mountain, outdoor and nature

Over: Smil og vær glad- uansett ver!

Image may contain: 1 person, smiling, standing, mountain, outdoor and nature

Over: trolsk stemning.

 

 

Vel nede i bygda att var det klart for heimelaga vilt-gryte, tradisjonamat frå Arna og søte fristelser frå Gluggen-jentene. Folk kosa seg inne – og etter ei god matpause med horder av godsaker var det klart for turtips og informasjon frå  Friluftsrådet (FLIR). Randi Byremo fortalde levade om ulike opplevingar og turar i regionen, kva det var lurt og pakke og litt om kart\kompass. Dette falt også i god smak.

Image may contain: 1 person, smiling, sitting, table, food and indoor

Over: Glugge-jentene fekk mykje skryt for kakene sine- ikkje utan grunn.

Image may contain: 1 person, smiling, eating, sitting, food and indoor

Over: God mat og hyggelig betjening

Så var det klart for eit friskt foredrag med Tonje Blomseth, rundt om 70 små og store fekk med seg forteljingar frå eit allerede rikt turliv.  Blomseth fortalde om korleis ho som 17 åring droppa ut frå toppidretts-gymnaset for å leve ut draumen sin, noko mora ikkje var så begeistra for. Ho fortalde også om framtida-  ho og kjærasten   reiser om kun 10 dager til Yukon i Canada for å leve som pelsjegere eit heilt år. Her skal dei  lafte si ega hytte og virkelig leve ut villmarksdraumen. Dette blir det også TV av, så det er berre å følgje med!

Image may contain: 2 people, indoor

Over: Tonje «in action»

Image may contain: 3 people, people smiling, people standing and indoor

Over: 3 spreke jenter

Image may contain: 3 people, people smiling, people standing, mountain, tree, sky, outdoor and nature

Tusen takk for ein fin laurdag- og hugs : «følg draumen, ikkje straumen».