Nissemarsj 2017- er du klar?

Relatert bilde

Torsdag 7.desember er det duka for årets Nissemarsj i Åseral.
Ein koselig adventstradisjon for liten og stor.
Me møtes ved Minne kultursenter klokka 18.00 der du kan få teikna på deg nissekinn om du vil. Me går så saman i nissetog mot løypas høgdepunkt, nisselåven i nordstova, der me får høyre litt om nissen på garden.
Løypa funker fint for vogn ettersom det kun er på asfalt og hard grus. Løypa vil som nevnt gå innom ein gammel låve, og kven veit, kanskje treff me nissen i år og? ÅIL står for nissemarsj-medaljer til alle etter målgang, gratis bollar, kaffi, heimelaga kakao, sagft, mulighet for pølsegrilling (me står for pølsene) og bålkos ved Minne etter målgang.
Finn fram nissehua og hand-fakkelen (eller hovudlykta).
Turen er ca 1.3 km lang.
Pris: 20 kr pr person.

Hjertelig velkommen til liten og stor!
–Medlemmar og ikkje-medlemmar!
Helsing frå ÅIL