Vinner «Torsdagstur for deg» 2017

 

 I år, som i fjor, har det vore mange aktive med på gåtur. Nytt av året er at mange går turane på eiga hand, gjennom «10 toppers»- og ellers på eige initiativ.

 

Åshild M Aasland og Jon Lunden er i år faktisk dei einaste som har gått 6 av 7 gonger på årets torsdagsturar. Sistnemnde er ikkje medlem av ÅIL og oppfyller derfor ikkje kriteriet for premie- så Åshild M Aasland stikk av med ei flott Aclima Woolnet trøye (verdi 650)- Gratulerer SÅ mykje, og godt jobba! 🙂

Me seier TUSEN TAKK til alle som har stilt opp som både guide og deltakar! Super innsats på alle mann! Me i ÅIL vonar at alle fortsett med aktivitet utandørs utover seinhausten og vinteren!