Ny skidress\treningsdress ÅIL

Bilderesultat for swix creator antall logoer

Det begynner å bli nokre år sidan sist det var mogleg å bestille skidress frå ÅIL- men no er sjansen her att.

Det ligg allereie no ein kasse på Service-kontoret der du kan prøve ski-klær, på dagtid, mellom kl 08.00-15.00- slik at du finn ut kva str du er.  Sjølve ÅIL dressen med vårt design er ikkje i prøve-kassen, men dressene som ligg der er tilsvarende det du kan bestille. Me vil også få til ein kveld der alle kan få prøvd skidressen- følg med på facebook\her for info om det. Her kan du sjå ca korleis Swix-dressen vil sjå ut- og kva andre ting du kan få kjøpe:

Over: lue, pannebånd, vest, dress og tynn dress. Mangler ÅIL sitt emblem på lue\pannebånd her.

Dette er for Åseral ILs medlemmer (er du ikkje medlem- ta kontakt, så melder me deg inn).

Du kan velje mellom to dresser:

Alternativ 1:

Dette er ein god skidress frå Swix. Ein kan velje mellom jakke, bukse, panneband og lue- til både dame, mann og junior. Ein treng ikkje kjøpe både bukse og jakke- men det som passer ein best. Dressen er vann og vind avisande, og Swix seier dette om dressen:

«Lett, meshfôret oppvarmings- og treningsjakke i Microfiber. Stretchparti i rygg, langs armene og i sidepanelene gir god bevegelsesfrihet og ventilasjon. Figursydde armer. Refleksbånd gir bedre synlighet i mørket. Behagelig polstring og stretchmateriale i kragen»

«Lett, meshfôret oppvarmings- og treningsbukse i Microfiber. Stretchparti på baksiden for bedre bevegelsesfrihet og ventilasjon. Knytebånd i livet, formsydde knær og silikonkant nede rundt ankelen».

PRIS SKIDRESS SWIX:

Swix Star X til voksen koster: Jakke 1499,- og bukse 949,- = 2448,–40 % rabatt frå sponsorar= 1567,-

Swix Star X til barn koster: Jakke 1099,- og bukse 799,- = 1898,-40%  rabatt frå sponsorar= 1215,-

Dette er ein dress du kan ha glede av i mange år, uansett årstid. Du kan også kjøpe kun jakke- eller bukse,lue og pannebånd. Du vil få rabatt for kjøp av kun jakke\bukse også.

Det blir solgt dress til dame, herre, junior og barn.

Alternativ 2:

Dette er et rimeligere alternativ. Bekledning fra Umbro gjennom Intersport Evje. Dette er ein overtrekksdress (jakke og bukse) til voksen og junior. Super og trene i den og, men litt enklere og langt rimeligere modell.

Denne Umbro-dressen er også til vaksen og born.

PRIS ALTERNATIV 2:

500 kr for born og 630 kr for vaksen for bukse og jakke.

Idrettslaget og sponsorar går inn og betaler ein del av dressen- derfor må du ver medlem for å benytte deg av dette tilbudet. Me vonar mange har lyst til å bestille seg gode klede, som fungerar fint som «trimdress» resten av året, uansett aktivitet.

Nøyaktig pris -og bestillings informasjon kjem innen eit par dager. Stay tuned!