ÅILs nye Swix treningsdress

Image may contain: 1 person, smiling, outdoor

Det er 10 år siden sist Åseral idrettslag hadde skidress ute for salg- og jammen er den flott, den nye trimdressen, som er like god til trening vinterstid som til norsk sommer og haust. 

I går kom forsendingane til dei drøye 30 stk som hadde bestilt seg nye plagg frå Swix. Godt sponsa av både Orginal Teamwear, ÅIL og lokale sponsorar blei det kjempeprisar på denne flotte dressen (dersom du ikkje har henta det du bestilte, kan dette no hentas på rådhuset).

Dei som ikkje har fått kjøpt seg ennå får ein ny sjanse i august, då me tek opp ei ny, siste bestilling. Eineste krav er at du må vere medlem av ÅIL. Er du ikkje medlem kan du melde deg inn ved å trykke her– eller ta kontakt med nokon i idrettslaget. Skidressen kan prøves på rådhuset (service-kontoret), om du er i tvil om kva storleik du treng. Det finnes dress til barn, mann og dame, i ulike størrelser. Les meir om priser her.

Her er fleire bilder av det du kan skaffe deg:

Image may contain: 1 person, smiling, standing and outdoorOver: Flott modell i ÅIL dress

Image may contain: 4 people, people smiling, people standing, outdoor and nature

Image may contain: 1 person, smiling, standing, outdoor and natureOver: soft-shell vest, 100 % vindtett og svært vannavisene. Denne er litt stor i størrelsen.

Image may contain: one or more people, people standing, child and outdoorOver: ein treng ikkje kjøpe bukse OG jakke- ein kan trikse og mikse med sitt eiga trimtøy.

Image may contain: one or more people, people standing, tree, outdoor and natureOver: panneband med ÅIL-logo er også svært flott og praktisk.

Image may contain: one or more people, people standing, outdoor and nature