Torsdagstur for deg startar opp

No er me snart beinklare for nye torsdagsturer- og DU er varmt velkomen! 

SEPTEMBER:

6.september: Septembers fyrste tur! I dag vil me til topps i Åseral, heilt til Skoræ- så høgt du kan koma! Ein klassikar, også på «torsdagstur for deg». Flott tur til Åseral sitt høgaste fjell og Norges sørlegaste fjell på over 1000 meter. Turen startar ved Farevatn på Ljosland. Starten på løypa går stort sett på grusvei, deretter på fin sti. Løypa er stort sett merka, og ganske lett å sjå. Turen går over skoggrensa, så utsikten er fantastisk!.

Lengde: ca. 10,4 km t/r | Tidsbruk: ca. 2-3 t t/r | Vanskelege: middels kravande

Start: kl. 16.40 for pulje 1, og 17.00 for pulje 2. Turleder med kvar pulje.

Turledere: Nina og Åshild

13.september: I dag går turen til Vareheiæ på Eikerapen. Godt merka sti heile vegen og ca 300 m stigning totalt. Her er utsikten upåklagelig. Me møtes ved Eikerapen alpinsenter og går der i frå. Kanskje ein is på Eikerapen gjestegard etter endt tur er på sin plass?

Lengde: ca. 6 km t/r | Tidsbruk: ca. 2-2.5 t t/r | Vanskelighet: middels

Start: kl. 16.40 for pulje 1, og 17.00 for pulje 2. Turleder med kvar pulje.

Turledere: Åshild og Oddvar

20.september: I dag skal me til topps på vakre Bortelid! Me møtes ved skisenteret og tek turen til eit formidabelt utsiktspunkt oppe på heia. Me startar med ein del stigning, før det flater fint ut på toppen. Delvis merka sti frå toppen av. Bli med på ein nydelig tur!

Lengde: ca 7 km t/r | Tidsbruk: ca 2-3 t t/r | Vanskelighet: middels

Start: kl 16.30 for pulje 1, og 16.45 for pulje 2. Turleder med kvar pulje.

Turledere: Nina og Oddvar

27.september:  Årets siste torsdagstur til varen på Vætingfjeddet, på Honna-heia. Eit vakkert området- kanskje litt ukjend for dei fleste. Me parkerer ved Trafoen på Honnaheia- og så legg me i veg mot varen som ligg høgt til fjells. Me går på grusveg, sti, mye og fjell. Fantastisk utsikt frå toppen!

Lengde: ca 7 km t/r | Tidsbruk: ca 2 t t/r | Vanskelighet: middels

Start: kl 16.30 for pulje 1, og 16.50 for pulje 2. Turleder med kvar pulje.

Lengde: ca 7 km t/r | Tidsbruk: ca 2-3 t t/r | Vanskelighet: middels

Start: kl 16.30 for pulje 1, og 16.50 for pulje 2. Turleder med kvar pulje.

Turledere: Cathrine og Kristine\Oddvar

Alle som er medlem av ÅIL og blir med på 6 av dei 8 torsdagsturane får eit flott ÅIL panneband eller hue heilt gratis (Swix). Perfekt til friluftsliv og trening.