Lyst på litt inspirasjon i januar?

Image may contain: 1 person, smiling, text and food

Velkomen til ein inspirerande og hyggelig kveld med både Dag Otto Lauritzen og Arna Bergs kjøkken!

DU er hjartelig velkomen, fredag 25.januar, 2019, kl 18.00 på Minne Kultursenter i Åseral.

P R O G R A M :
Kl 18.00-18.45:
Åseral idrettslag now and then: Jan Oddvar og Kari Røynlid tek oss med på eit muntert, historisk tilbakeblikk på ÅIL si historie, i bilder og tekst. Her kan det dukke opp mykje rart. Me får også høyre litt om kva ÅIL driv med no, litt om det nye treningsrommet, Sesilåmi og ellers litt om kva som rører seg innad i ÅIL.

Kl:18.45-19.45:
Det vil bli servert velsmakande tradisjonsmat frå Arna Berg, (lefser, pannesteikt aure, eggerøre, poteter, spekemat ++) samt heimelaga saft, kaker og kaffi. Her er det berre å glede seg!

19.45-20.45:
Inspirerande og humoristisk foredrag med sjølvsate Dag Otto Laurtizen.

ALLE er velkomne! Både gamal og ung!

PRISER:
Foredrag med Dag Otto Laurtizen:150 kr
Tradisjonsmat-buffet:220.

Begrenset antall plasser. Påmelding til mat+foredrag, innen 10.januar. Påmelding foredrag: mulig så lenge det er plass.
Dersom det fortsatt er ledige plasser til foredraget, vil det vere mulig med «drop-inn» på sjølve dagen 🙂

PÅMELDING PÅ SMS\MAIL\TELEFON til:
98471661 (Kristine)