Korleis bli medlem på åseral treningssenter?

Mange har meldt seg inn på treningssenteret- og det er me kjempeglade for! Her er god plass, og åpent frå tidlig morgon (06.00) til langt på kveld (22.00), kva dag- heile året.

Kvar måndag frå klokka 18.00-19.00 er treningssenteret i Bordalen bemanna , og du har då mulighet til å kjøpe årskort, eller medlemskap. Du har også høve til å spørre om ting kring ÅIL i dette tidsrommet. Du ringer berre på klokka som er utanfor treningssenteret, og så kjem vakten å låser opp. Treningssenteret ligg der det gamle biblioteket låg, i fleirbrukshallen, i Bordalen. Det er også mulig å melde seg inn i ÅIL på dette tidspunktet dersom ein ikkje har gjort det (då blir årskort på treningssenteret langt rimeligere).

Her er liste over kven som er på måndagsvakt på treningssenteret. Vaktlista kan bli bytt på, så det er ikkje sikkert den som står på lista er den som faktisk er der. Send gjerne melding til ei\ein av dei på lista dersom du lurer på noko omkring ÅIL eller treningssenteret.

Det vil etterkvart også bli slik at medlemmer av treningssenteret også får tilgang på garderobe\dusj- dette er ikkje heilt i orden ennå.