Torsdagsturer 2020

I ei litt kjip tid kan det ver fint å ha noko å sjå fram til. Årets torsdagsturer med ÅIL går som planlagt, men med nokre førehandsregler:

Ikkje møt opp på tur dersom du føler deg pjusk, hostar eller kjenner deg dårlig. Unngå nærkontakt med andre deltagere med mindre det er familie\vener ein ellers er nær. Heldigvis er det også lett å halde god avstand utandørs- noko ein må minnast på gjennom heile turen. God håndhygiene og avstand til andre turdeltakere er essensielt viktig under årets turer. Det legges også opp til to meter mellom kvar person på bilder.


ÅRETS TURER:

Juni

4.juni: Me startar årets ÅILS torsdagsturer med litt historisk sus. Turen i dag går på den gamle ferdselsvegen mellom Åseral og Setesdal, kalla Nordmannsvegen. Her vil Kari Røynlid og Oddvar Austegard vise veg. Stien er delvis merka. Øygarden til familien Røynlid ligg like ved stien. I gamle dager budde gardsfolket her om sommaren med dyra og slo gras på heia. Me møtes og parkerer bilene ved bom i Espeli. Turen går langs veg og sti. Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.30 (roleg tempo) eller 17.45 (vanlig tempo).

Lengde: 6 km totalt

Tidsbruk: 2.5 timer med pause.

Turleder: Kari Røynlid og Oddvar Austegard

11.juni: Denne torsdagens skal me til ei flott høgfjellsperle i Ljoslands-heia. Me blir guida av tidligere ordfører, Oddmund Ljosland, som kjenner denne heia som si eiga bukselomme. Målet for turen er Grasdalen og den berykta Skarkedalsknuten (965 moh). I grasdalen får me sett på familien Ljoslands hytte. Det blir både sti, myr og ulent terreng på denne turen. Turen har rundt om 250 høgdemeter. Me møtes ved demningen ved Kvennevatnet.Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.30 (roleg tempo) eller 17.45 (vanlig tempo).

Lengde: ca 10 km tur\retur Tidsbruk: 3 timer inkl pause

Turleder: Oddmund Ljosland med familie.

18.juni: I dag går torsdagsturen til Skipefjellet heilt aust i Åseral (636 moh). Denne turen byr på nydelig utsikt i alle retninger!

Me følger veien til Omestøl (forbi der en tar av til Snøfjellet) går over nokre myrer og så sti det opp mot Skipefjellet. Det er ein varde på toppen og fin utsikt der en bla. kan sjå til Bjørndalsvannet. Kvar skal du møte opp? Køyr mot Flystveit. Etter å ha passert Lundemyr ta av andre veien til høgre (i svingen der det er ein bom). Kjør til enden av vegen og parker her. Turguide vil då vere på plass her. Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.30 (roleg tempo) eller 17.45 (vanlig tempo).

Lengde: 8 km Tidsbruk: 3 timer i rolig tempo Turleder: Grete Berås og Sven Haraldstad

August:

20.august:  Velkommen med på august-tur i flott natur! I dag skal me toppen Homvassheia 708 moh. Me møtes ved Eikerapen Alpinsenter og går saman til fjells. Turen har litt stigning i starten, før den flater litt meir ut. Ein flott tur med god utsikt. Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.30 (roleg tempo) eller 17.45 (vanlig tempo).

Tidsbruk: 2.5 timer Lengde: 8 km

Turleder: Åshild Aasland og Marianne Austrud

27.august: I dag skal me gå til Sostelifjedde i Kyrkjebygd. Me parkerer med jernaldergarden Sosteli, og går saman her i frå opp til fjellet- videre langs eggen, og så ned Vindmarka. Nydelig utsikt og god trim! Turstart frå Sosteli i to puljer med kvar sin turleiar: 17.30 (roleg tempo) eller 17.45 (vanlig tempo).


Tidsbruk: 1.5- 2 timer Lengde: 3 km

Turleder: Åshild Aasland og Marianne Austrud

September:

3.september: Det blir det torsdagstur til Skoræ- Åserals høgaste topp og Noregs sørlegaste over 1000 meter. Som alltid blir det nydeleg utsikt og fantastisk natur- både opp og ned. Me parkerer bilene ved Farevatn på Ljosland og starter turen her. Godt merka sti heilt til toppen.. Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.00 (roleg tempo) eller 17.15 (vanlig tempo).

Lengde: 9 km Tidsbruk: 2.5-3 timer

Turleder: Kristine Forgard og Ann Kristin Stensland

10.september:

I dag blir det tur til masta i Kyrkjebygd. Det er formidabel utsikt over bygda frå masta, og dette er itilegg  ein tur der du får jobba godt med både lår og pust. Me møtes ved Kaddebergbrua og tek fatt på den gode lia opp mot masta. Turen går på grusveg og sti. Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.00 (roleg tempo) eller 17.15 (vanlig tempo).

Tidsbruk: 2.5 time Lengde: 3-4 km

Turleder: Oddvar Austegard og Tonje Kallhovd

17.september: Me møtes på Kyrkjebygd skule og tek torsdagsturen opp til Rofjeddet. Dette er ein relativt bratt tur- som gir nydelig utsikt over bygda. Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.00 (roleg tempo) eller 17.15 (vanlig tempo).

Tidsbruk: 1.5 timer  Lengde: 6 km

Turleder: Kristine Forgard & Cathrine Thorsland

24.september:

Avslutningstur for “torsdagstur for deg” blir i år til perla inne på Geithei. Familien Astrid Skeibrok viser veg til fjellhytta si, og fortel frå området. Det blir ein god pause ved hytta. Me møtes på parkeringa ved Berge, som ligg rett før Bortelid. Turen går på veg, sti og myr, og heile turen har ca. 300 meter stigning, så litt opp i høgden skal me. Turstart i to puljer med kvar sin turleiar: 17.15 (roleg tempo) eller 17.30 (vanlig tempo)..

Lengde: 6.5 km Tidsbruk: 2.5-3 timer inkl pause

Turleder: Astrid og Alexander Skeibrok

PREMIERING GÅTURER:

Medlemmer av ÅIL som er med på 7 av dei 9 torsdagsturene får eit rykande flott pannebånd frå Odlo. Perfekt til topptur, treningssenter-bruk og skitur- til både dame, herre og barn.