TRENINGSSENTERET OPNAR!

Ein gladnyhet!

Tysdag 13.oktober opner me treningssenteret igjen! Opningstidene vil vere som før: 06.00-22.00. Dei som hadde igjen aktiv treningstid på brikka si, har fått denne forlenga tilsvarande den tapte tida. Det vil vere bemanning på treningssenteret kvar måndag, kl 18.00-19.00, der du kan komme innom og få hjelp til innmelding. Har du allerede meldt deg inn er det åpent for trening

Her er ei liste over retningslinjer Åseral IL og medlemmene forholde seg til på treningssenteret:

– Det skal ikkje vere meir enn 15 personar i treningssenteret samstundes. Alle skal holde minimum 2 meters avstand ved høgintensiv trening og minimum 1 meter ved lågintensiv trening (gjeld ikkje personar i same husstand)

-Stengt for drop-in. Du må ha halvårskort eller årskort for å trene.

-Ikkje møt opp på treningssenteret om du har symptomer på sjukdom eller føler deg pjusk.

-Maks treningstid pr dag er 1.5 time, slik at fleire har mulighet til å få trent.

– Alt treningsutstyr må vaskast før og etter bruk av den einskilde. Garderobar og dusj skal ikkje nyttast

– Alle må ha med seg reint handkle til å tørke svette

-Alle skal nytte handsprit ved inngang til treningssenter.

-Alle skal skrive seg inn og ut av besøksprotokoll for eventuell smittesporing som skal oppbevarast av idrettslaget i 10 dagar før dei vert makulert

-Ein gjer merksam på at dersom avstand mellom personar er mindre enn 2 meter i meir enn 15 minutt vil alle hamne i karantene dersom det vert oppdaga smitte

-Syner elles til idrettslaget sine eigne reglar som skal signerast av den einskilde (er du medlem, har du allerede signert desse).

-Brudd på regler fører til utestengelse frå treningssenteret.

PRISER MEDLEMSKAP TRENINGSSENTERET:

VELKOMMEN TILBAKE TIL TRENINGSSENTERET!