ÅILs torsdagsturer 2021

Livet er for kort til å gå på trimtur aleine! Me starter opp att med «ÅILs torsdagsturer for deg»– på torsdager i juni og september.

Treng du eit nytt spark bak? 3 torsdagar i juni, og alle 5 torsdagane i september vil det igjen bli gåtur på ulike vegar rundt om i Åseral kommune, og me vonar at DU vil bli med!
Turen vil vara i ca.2-3  timar, og her kan du gi på det du sjølv vil. Du vil få litt puls på desse turene, men du  treng langt i frå ver i toppform! Du tek turen i ditt tempo, og kan snu når DU vil. Det blir tur UANSETT ver, her er det berre å kle seg etter forholda.

Torsdag står jo for TUR. Når juni er over, vonar me at torsdagen mentalt er blitt etablert som ein tur-dag, og at du automatisk kjem deg ut i trimskoa fram til me startar att i september!
Ta gjerne med deg gåstavar, ein hund, ein venn og drikkeflaske:-)

NB! Er du pjusk eller dårlig er det fint om du held deg heime. Pass også på å halde god avstand til andre deltakere!

Juni

3.juni: Me startar årets ÅILS torsdagsturer 2021 med eit historisk sus! Me tek turen til den gamle utleige-hytta til Åseral turisthotell, ved Stasvatn. Her har det budd mang ein prominent sportsfiskar frå England! Her vil Kari Røynlid med familie vise veg -og fortele frå farne tider. Løypa går på sti og i myr – hugs godt fottøy. Ingen bratte stigningar denne torsdagen! Me får og spankulert på deler av «riksveg 10» – som ei gong var ein draum om veg over til Bygland.

Oppmøte kl 17.30 ved bom i enden av vegen i Espelid. Køyr til toppen av Espelid og fortset innover grusveg til du kjem til bommen.Samkøyring inn Kolandsvegen til parkering ved Olavsøygard.

Lengde: 5-6 km totalt   Tidsbruk: Ca 45 minutter kvar veg.

Turleder: Kari Røynlid og hennar familie

 

 

10.juni: Denne torsdagens skal me til ein relativt ukjent topp på Ljoslands Austhei: Hæknenuten (830 moh). Det blir både myr, berg og ulent terreng på denne turen. Turen har også rundt om 250 meter stigning- så litt skal me kjenne det i lår og pust denne torsdagen. På toppen får me nydeleg utsikt over bygda Ljosland og heiene omkring. Me møtes ved Ljosland Kapell kl 17.30 og går gjennom gamle og flotte «down town Ljosland», slik at me får ein liten oppvarming før me stig oppover Øvregardsrinnen- og opp mot toppen. 

Lengde: ca 6 km tur\retur Tidsbruk: 2-2.5 timer inkl pause.

Turleder: Kristine Forgard og Ann Kristin Tollefsen

 

17.juni: I dag går turen til Sjåvassknuten- Kyrkjebygds finaste utsiktspunkt? Me parkerer og møtes i Sosteli (i Kyrkjebygd)  kl 17.30, og går saman der i frå opp Rinnan- og så videre opp til fjells mot torsdagens topptur. Turen går på sti, myr og berg. Velkomen!

Lengde: 8 km Tidsbruk: 2.5-3 timer i rolig tempo Turleder: Åshild M Aasland og Knut Jørgen Berg.

 

September:

2.september:  Velkommen med på september-tur i flott natur! I dag går ÅIL-torsdagsturen til toppen av Homvassheia 708 moh. Me møtes ved Eikerapen Alpinsenter kl 17.30 og går saman til fjells. Turen har litt stigning i starten, før den flater litt meir ut. Nydeleg terreng og elles ein flott tur med god utsikt!

Tidsbruk: 2.5 timer

Lengde: 8 km

Turleder: Anne Siv og Bente Lineikro

 

9.september: Denne torsdagen skal me til den sørlege delen av Åseral. Turen går til Norehei på Mjåland, og i følgje dei lokale er dette ein skatt av ein tur som passar for dei fleste. Turen startar rett ved huset til Eva og Egil Håvorstad, og går slakt oppover i fjellet på grusveg og sti. Parkering ved huset til Eva og Egil, eller ved turens startpunkt «Rennidalsvegen». Turen har avgang klokka 16.30. 

Tidsbruk: 2.5-3 timer  Lengde: 9 km

Turleder: Eva Håvorstad

 

16.september:

I dag blir det torsdagstur frå Kosvik (ved «Bli bondekjerring skiltet\saga) – og opp til fjells! Me skal ikkje til noko topp- men får sett mykje fin natur på vegen. Me fylgjer linjetraseen, og kjem ned att Fyrekleiv. Ein flott rundtur i greitt terreng. Turen går for det meste på sti og grusveg. Me møtes klokka 16.30! Velkomen!

Tidsbruk: 2.5 time Lengde: 7 km

Turleder: Anne Siv Lauen og Bente Lineikro

 

23.september:

Nest siste tur for “torsdagstur for deg” blir til Kyrkjebygds store diamant, Rofjeddet. Ein klassikar som ein aldri blir lei! Har du ikkje gått denne turen, anbefales det at du blir med! Dette er ein relativt bratt tur- som gir nydelig utsikt over Kyrkjebygd. Me møtes ved Åseral skule og parkerer her, kl 16.30. Velkomen!

Lengde: 6 km Tidsbruk: 2 timer inkl pauser Turleder: Cathrine Thorsland

 

30.september:

Ny torsdag- ny tur med ÅIL! I dag skal me til den ukjente perla  Ramnefjeddet (818 moh) i Hamkoll. Ein flott topp, med varde på toppen i naturskjønne omgivelser. Turen går på grusveg, sti og myr. Me møtes i Hamkoll klokka 16.30 og legg i veg saman i roleg tempo. Velkomen!

Lengde: 9 km Tidsbruk: 2.5 timer

Turleder: Ann Kristin Stensland med familie

 

PREMIERING GÅTURER:

Medlemmer av ÅIL som er med på 7 av dei 8 torsdagsturene får ei flott Lars Monsen ulltrøye frå Aclima! Den finnes til herre, dame og barn.

Verdi: 1200 kr.

Best pris på Aclima Anárjohka Polo (Herre) - Se priser før kjøp i Prisguiden

Aclima Lars Monsen Anárjohka Polo W/Zip Dame - Aclimashop