Informasjon treningssenter og fleirbrukshallL

Lurer du på kva dei midlertidige reglane for treningssenter og fleirbrukshall er? Les her. 

Smittevernreglar for treningssenteret
➢ Det skal vere vakthold som ser til at smittevernreglane vert følgt til ei kvar tid.
➢ Det skal ikkje vere meir enn 10 personar i treningssenteret samstundes. Alle skal holde minimum 2 meters avstand (gjeld ikkje personar i same husstand)
➢ Alle som nytter treningssenteret skal vere busett i Åseral
➢ Alt treningsutstyr må vaskast før og etter bruk av den einskilde. Garderobar og dusj skal ikkje nyttast
➢ Kontaktflater som dørhandtak, lysbrytarar, toalett, vaskar o.l. skal reingjerast. Bruk ferdigblanda reingjeringsmiddel og mikroklutar eller papir. Lokala blir vaska mellom kvar trening. Handsprit skal ikkje nyttast til reingjering. All søppel skal fjernast.
➢ Alle må ha med seg reint handkle og det skal vere tilgang til papirhandkle
➢ Alle skal nytte handsprit ved inngang til treningssenter. Arrangør må sjølv skaffe dette
➢ Alle skal skrive seg inn og ut av besøksprotokoll for eventuell smittesporing som skal oppbevarast av idrettslaget i 10 dagar før dei vert makulert
➢ Syner elles til idrettslaget sine eigne reglar som skal signerast av den einskilde
Desse reglane er gjeldande frå 25. mars 2021
Kriseleiinga Åseral kommune 24. mars 2021

 

Smittevernreglar ved organisert trening i fleirbrukshall
➢ Hallen er ope for organisert trening for personar under 20 år. For vaksne er det ikkje tillat å drive idrettsaktivitet innandørs.
➢ Det skal vere ein namngjeve ansvarleg for arrangementet som er kjend med smittevernreglane og som ser til at desse vert følgt
➢ Alle arrangement skal vere meldt inn og godkjent ved eining for service, reiseliv og kultur med kontaktinformasjon til ansvarleg arrangør
➢ Det kan vere inntil 50 personar på eit idrettsarrangement for barn og unge innandørs dersom alle deltakarane kjem frå Åseral kommune.
➢ Garderobeanlegg må vaskast før bruk (kvar einskild gruppe). Vaske benkeflater og andre kontaktflater med såpevatn. Bruke nal i dusj. 2 meter avstand i dusj og garderobar (annankvar dusj nyttast).
➢ Kontaktflater som dørhandtak, lysbrytarar, ribbevegg, matter o.l. skal reingjerast. Bruk ferdigblanda reingjeringsmiddel og mikroklutar eller papir. Handsprit skal ikkje nyttast til reingjering. All søppel skal fjernast.
➢ Alle skal nytte handsprit ved inngang til hallen. Arrangør må sjølv skaffe dette
➢ Alle skal skrive seg inn og ut av besøksprotokoll for eventuell smittesporing som skal oppbevarast av ansvarleg i 10 dagar før dei vert makulert
Desse reglane er gjeldande frå 25. mars 2021
Kriseleiinga Åseral kommune 24. mars 2021