Informasjon FRÅ ÅRSMØTE


Det vart på torsdag 25.mars avhalde årsmøte for ÅIL. Her vart det informert om fleire saker, blant anna har ÅIL og Åseral kommune no fått på plass ein avtale omkring ansvar for dei ulike fasilitetane me har eit sammarbeid om (les vedlegg). Det kjempeflott- og me i ÅIL er svært nøgd med å få på plass denne avtalen, og trur nå at det blir meir rutinemessig og forutsigbart kring vedlikehald og anna. 

Andre spanande nyheter er at ÅIL no har fått si eiga skiskyttergruppe! ÅIL eig skiskytterstadion på Bortelid- so no blir det gøy å kanskje få prøvd denne litt meir for ÅIL’ere.  Den nye gruppa er leia av Arnstein Mykland, og tanken er at her skal det bli mulighet å få prøvd seg innen sporten, både med treninger og «skiskytter-camper» på Bortelid- sommer og vinter. Veldig bra! 

Ellers kan det nemnast at stadionbygg med toalett også no er i vinden, og at det i årets budsjett vart bevilga midler til dette frå ÅIL. Meir om dette kjem!

MEIR INFORMASJON PÅ VEDLEGGA HER: 

Protokoll årsmøte i Åseral idrettslag 2020

Avtale mellom Åseral kommune og ÅIL ang vedlikehald og drift av idrettsanlegg

Vedlegg 1 – Avtale om fredagsbadinga

Vedlegg 2 – Avtale om drift av treningssenter.docx

Vedlegg 3 – Avtale om oppkøyring av ljosløype i Kyrkjebygd