åils torsdagsturar 2022

Me starter opp att med «ÅILs torsdagstur for deg»– på torsdager i juni og september. Det har vore god deltaking på turane, og me vonar at dette fortsett.

Treng du eit nytt spark bak? 3 torsdagar i juni, og alle 5 torsdagane i september vil det igjen bli gåtur på ulike vegar rundt om i Åseral kommune, og me vonar at DU vil bli med!
Turen vil vara i ca.2-3 timar, og her kan du gi på det du sjølv vil. Du vil få litt puls på desse turene, men du treng langt i frå ver i toppform! Du tek turen i ditt tempo, og kan snu når DU vil. Det blir tur UANSETT ver, her er det berre å kle seg etter forhalda.

Torsdag står jo for TUR. Når juni er over, vonar me at torsdagen mentalt er blitt etablert som ein tur-dag, og at du automatisk kjem deg ut i trimskoa fram til me startar att i september!
Ta gjerne med deg gåstavar, ein hund, ein venn og drikkeflaske:-)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Juni

 

2.juni: Velkomen med på ÅILs fyrste torsdagstur for året! I dag skal me til Eva Haugland Åsland sitt paradis, Troddegarden- der det før i tida var ein del trodd.. Me får også sett på hytta hennar, som ho er veldig glad i. Me parkerer ved Sosteli og går så saman til Forgards Glypen og opp Bakkelia. Videre går freden innover heia og til sjølve Troddegarden. Turen går på grusveg, sti og i myr. Me tek ein god pause ved hytta. Velkomen!

Lengde: ca 7 km tur\retur Tidsbruk: 3 timar inkludert pause Turleder: Eva Haugland Åsland

Turstart: 17.30 Tlf:47632746

 

9.juni: Denne torsdagens skal me til ei flott høgfjellsperle i Ljoslands-heia. Me blir guida av tidlegare ordførar, Oddmund Ljosland, som kjenner denne heia som si eiga bukselomme. Målet for turen er Grasdalen og den slåande vakre Skarkedalsknuten (940 moh). Denne turen må du ikkje gå glipp av! I Grasdalen får me også sett på familien Ljoslands hytte. Det blir både sti, myr og ulent terreng på denne turen. Turen har rundt om 250 høgdemeter. Me møtes ved demningen ved Kvennevatnet.

 

Turleder: Oddmund Ljosland med familie  .  Lengde: ca 10 km tur\retur Tidsbruk: 3 timer inkl pause

Turstart: 17.30   Tlf: 47469292

 

16.juni: Denne torsdagen skal me på eventyr inne i den vakre og uoppdaga Brelandsheia, til ein flott heddar med vid utsikt.  Me møtes ved starten av Åsdølvegen og køyrer bilene saman på grusveg lags Brelandsvatnet heilt til det regulerte vatnet Åstølvatnet (som heng saman med Nåvatn)  og parkerer her ved demningen.  Gåturen starter med litt stigning, før det blir både myr og berg (ingen tydelig sti). Turstart: 17.30

 

Turleder: Stig Alfred Eikeland  Lengde: 8.5 km Tidsbruk: 3 timer inkludert pause Telefon:46801622

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

September:

 

1.september:  Velkommen med på september-tur i flott natur! I dag går ÅIL-torsdagsturen til toppen av Høgehei i Åseral sør. Me møtes ved Madland, og parkerer på parkeringsplass rett før krysset ned til Madland og går saman til fjells. Turen går på skogsbilveg og sti- og er bratt siste stykket. Nydeleg terreng og elles ein flott tur med god utsikt i fleire retningar.

Turleder: Bente Forgard Lineikro  Tidsbruk: 2.5 timer inkludert pause

Lengde: 6 km  Turstart:17.30  Tlf: 90176450

 

 

8.september: Torsdagens ÅIL tur går til Masta på Lognefjeddet, i Kyrkjebygd- vonar du blir med på tur? Me møtes ved Kaddebergbrua, og tek turen videre opp mot toppen i lag. Turen går på grusveg og på sti. Nydelig utsikt over Kykjrebygd på toppen!

Turleder: Knut Jørgen Berg\ Hilde Stuestøl  Tidsbruk: 2.5 timar med pause Lengde: 6.5 km

Telefon: 98471661 Turstart: 17.00

 

 

15.september: Denne torsdagen blir det tur til flotte Støtjønnheia (581 moh) på Kittelstad i Åseral! Velkomen! Me parkerer ved Heidis hus( i enden av vegen på Kittelstad). Her tek me turen opp i heia, og me går på både sti, skogsveg og myr. Litt av turen er på den gamle byvegen- og på toppen får med god utsikt over området. Ein tur det verkeleg er verd å få med seg!

Turleder: Heidi Tveit Abelseth  Tidsbruk: 2 timar inkludert pause Lengde: 7 km Turstart: 17.00

Telefon: 47632910  

 

 

22.september: I dag gjeng torsdagsturen til den vakre varen på Vætingfjeddet på Honna-heia. Dette er nok eit fjedd dei aller fleste ikkje er på så ofte. Her har ein fantastisk flott utsikt! Turen går på grusveg, sti og myr.  Me møtes og parkerer med trafoen på Honna (Hodne).

Turleder: Cathrine Thorsland  Lengde:6 km  Tidsbruk: 2 timer   Turstart: 16.30

Tlf:97135526

 

 

 

 

 

29.september:

Avslutningstur for “torsdagstur for deg” blir som fleire tidlegare år, til Kyrkjebygds store diamant, Rofjeddet. Ein klassikar som ein aldri blir lei! Har du ikkje gått denne turen, anbefalast det at du blir med! Dette er ein relativt bratt tur- som gir FANTASTISK nydeleg utsikt over Kyrkjebygd. Me møtes ved Åseral skule og parkerer her, kl 16.30. Velkomen!

Turleder: Kristine Forgard  Lengde: 6 km Tidsbruk: 2 timer inkl pauser   Turstart: 16.30

Tlf:98471661

Årets flotte premie sponsa av ÅIL er ein Monsen Aclima ullundertøy til dame, herre og barn.

Denne kan bli din om du blir med på 7 av 8 ÅIL- turar og er medlem av ÅIL.  Verdi: 800 kr.