TUSEN TAKK TIL SPAREBANKEN SØR!

 
 

Så hoppande glade blei Åseral Idrettslag når Sparebanken sør kom på besøk i dag! I desse dager planleggest det bygging av eit stadionbygg på fotballbanen i Åseral, og me har fått heile 300.000 kr av Sparebanken sør i støtte! Du leste rett: 300.000! FANTASTISK! Dette betyr så utrulig mykje for idrettsaget! Tusen, tusen takk til Sparebanken sør!
Dette seier Eva Haugland Åsland i Sparebanken sør om det kjærkomne bidraget til stadionbygg i Åseral:
-Dette er eit godt døme på at sparebanken sør tek sitt samfunnsengasjement på alvor. Dei gjer ein forskjell for lokalsamfunn der frivillige lag og foreiningar som jobbar og stend på, for at bygd skal blomstre og vere ein god plass å bu og vakse opp i.
Banken favnar om mykje med sine gåver, stipend og sponsorater, og eg er suuper stolt av at Sparebanken Sør er ein viktig bidragsytar i bygd og by. Lykke til med bygget!