Kategoriarkiv: Nyheter forside
Villmarksdag med Tonje H. Blomseth
MÅL: Åseral idrettslag, Åseral kommune og Flir vil saman oppfordra til fysisk aktivitet og glede i naturen, både i kommunen- og andre stader i vårt vakre land. Denne dagen trur me kan bidra til både inspirasjon og naturglede, for ung og gamal.
Program:
Kl 13.00-16-00: «UT Å GÅ» .
Gåtur til Glypvarden med Tonje Blomseth.
Oppmøte i Glypen kl. 13:00 eller på rådhuset 12:50.
Ca Kl 16.30-19.00: …«MAT PÅ BÅL». Prøv å røyke din eigen fisk, steik pinnebrød, smak og kjøp lokal og vill mat i frå Agder og Åseral. «Eventyrjentene» (med blant anna Tonje Blomseth) vil også gå kontinuerleg på kino-lerret inne på Minne, frå klokken 16.00-18.30.
«Kart og kompass» og «pakk tur-sekken» kurs med Flir.
Ca Kl 18.30-19.45: «BLI INSPIRERT». Foredrag med Tonje Blomseth. Ho fortel om seg sjølv, villmarka og om det å følgje draumen, i stadan for straumen.
Foredraget koster 100,-
Kl 16.30-20.30: «KJØP MED DEG HEIM». Sal av Aclima ullundertøy og andre ull-produkter frå Aclima, og sal av «Draumen om nord» (Tonjes bok).
Påmelding til foredrag:
Kristine Forgard: sms: 98471661 | mail: kristine@ovrebo.vgs.no Tove Utengen: sms: 452 02 748 | mail: toveutengen@gmail.com
Romjolscup i futsal
28. desember kan DU delta med DITT lag på romjolscup i futsal i Åseral fleirbrukshall!
Laga skal bestå av 4 spelarar pluss keeper og minst ei dame på banen til einkvar tid.
Maks 7 spelarar per lag. Nederste aldersgrense er 13 år.
Ein frå kvart påmeldte lag må stille som dommar. Hugs å oppgi namn på dommar og lag ved påmelding!
Pris per deltakar er 50 kr.
Svømmehallen og badstua held ope med følgjande inngangspris:
Enkelbillett 30 kr (born og vaksne)
Familie 100 kr
Born under 10 år i følgje med ein vaksen
Ope kiosk med diverse kioskvarer og mat.
Vil du vere med og arrangere? Me treng frivillige til kiosk og som badevaktar!
Påmelding som deltakar eller frivillig innan 20.desember til:
Svein på tlf/e-post: 48112341 / s_aasland_9@msn.com
Årsmøte 2016
Sjå heimeside/facebook for sakliste, årsmelding, rekneskap, budsjett i forkant av møtet.