Karusellrenn

logo åilKvar vintersesong vert det arrangert karusellrenn i ljosløypa i Kyrkjebygd på måndagar, eller på Bortelid om det er mangel på snø i bygda. Det vert heldt om lag 6 renn, der det avsluttande rennet er eit klubbmeisterskap.

Karusellrennet har deltakarar frå 1,5 år til godt vaksne, og alle er velkomne. Me har tre forskjellige løyper ein kan gå: Ein runde på jordet for dei minste, 2,5 km og 3,5 km.

Alle som deltek på minimum eitt karusellrenn, får ein premie frå Telenorkarusellen. Dei som deltek på halvparten av renna eller fleire, får og ein pokal.

I tillegg vert det arrangert «Bygdestafett» for store og små, vanlegvis på ein sundag.