Styrkerom

For bruk/leige/aktivitet i Åseral fleirbrukshall, styrkeromet, ta kontakt med:
Åseral kommune, ved Servicekontoret
Telefon: 38 28 58 00
E-post: post@aseral.kommune.no

«Drop in» styrkeromet og hallen i fleirbrukshuset

All aktivitet i fleirbrukshuset utanom skuletid skal vere registrert i kommunen sitt bookingssystem  – også «drop in» treningsøkter  i styrkerom og i hallen utanom organisert trening. Booking gjer du ved å å kontakte servicekontoret i opningstida  (08:00 – 15:00).

Frå 2. desember  vil det i tillegg vere mogleg å registrere deg for ei treningsøkt utanom kontortida. Dette gjer du ved personleg oppmøte på vaktromet, Åseralsheimen. Her vil det vere to utlånsnøklar til dispensasjon for «drop in» treningar. På vaktromet skriv du deg opp på ei liste (max to timar pr. treningsøkt) og kvitterer ut  nøkkel for aktuelt tidsrom. Nøkkelen må du levere  inn på vaktromet umiddelbart etter kvar  treningsøkt/aktivitet.  Om du alt har ein nøkkel til fleirbrukshuset, så set vi pris på at du likevel registrerer bruken din på lista på Åseralsheimen.

Du må/ kan påreikna at det er andre personar  i lokalet i same tidsrom.