Heile 50 deltakarar gjekk karusellrenn på Bortelid 23. januar. På tross av ei noko forkorta løype var det godt føre med god gli. Etter rennet var det god stemning i varmestova der Lasse Liestøl hadde meir enn nok å gjera med å servera pylser og andre kioskvarer.