Save the date: torsdag 16.januar 2025 kjem Fenrikken til Åseral fleirbrukshall for å halde foredrag og underhalde.
Åpent for alle som vil-om du er åsdøl, eikdøl, venndøl eller valldøl. Gratis for alle frivillige i ÅIL (jobba du frivillig for ÅIL hausten 1982, så er det godkjent som inngonsbillett). Meir informasjon og påmelding kjem😀😎 Stay tuned💪🏽
➡️Informasjon frå Åseral treningssenter⬅️
Fyrst og fremst: tusen takk til deg som er medlem av Åseral treningssenter- uten deg, ingen treningssenter🥳Me har også plass til fleire medlemer, så om du vurderer å melde deg inn, skal du vere hjartelig velkomen (uansett form og fasong😀💪🏽). Me har ope kontor kvar måndag frå klokka 18.00-19.00, og du finn kontoret inne på treningssenteret i fleirbrukshallen.
Me minner så om nokre av reglene for treningssenteret:
✅For å trene aleine på treningssenteret må du ha ei eiga brikke for å kome deg inn. Dersom du ikkje har brikke kan du bli med ein ven/familiemedlem, men du må då vippse 75 kr pr.gong til 506870.
✅For å få eiga brikke må du fylle 16 år det året du kjøper deg brikke. Det vil sei: dersom du går i 10.klasse og fyller 16 år i 2025, kan du ikkje kjøpe eiga brikke før 2025.
✅Dersom du har vore på introkurs kan du trene gratis kvar måndag kl 18.00-19.00, ut året du fyller 16. Du kan og, dersom føresette har eiga brikke og er med deg å trener på senteret, trene gratis fram til året du fyller 16. Det er IKKJE lov å låne mor eller fars brikke og gå aleine.
✅Det er ikkje lov å flytte på treningsapparata. Den siste tida har me fått tilbakemeldinger på at den nye beinpressmaskinen er blitt flytta på fleire gonger. Dette skader både golv og maskin. Ver vennleg å respekter dette!
✅Vask apparat, manualer og treningsmatter etter bruk- alltid🚿😀 Det står sprayflasker rundt om i lokalet til dette føremål.
Fredagsbading
Fredagsbadinga starter opp igjen nå 13.september. Badevaktliste i linken under.
Det blir livbergingskurs i regi av ÅIL onsdag 30. oktober. Påmelding til Gunnvor (mobil 97 19 03 25)
Terrengløp i Åseral 2024
Det blir 3 terrengløp på Gamle Torslandsvegen i haust.
Torsdag 5. september
Torsdag 12. september
Torsdag 19. september
Oppmøte ved Kaddebergbrua. Påmelding frå kl. 17.00 (alle aldrar hjertelig velkomne- små og store🥳😀👍🏼🐆🐐)
Start kl 17.30
Introkurs UNG treningssenter 2024
Introkurs-UNG er er eit kurs ein kan delta på, på linje med trafikalt grunnkurs for mopedlappen. Den gir ungdom i alderen 13-15 år adgang til å trene på Åseral treningssenter 1 time i veka (1 time måndag – etter visse betingelser).
På introkurs-UNG gjennomgår me viktige tips og råd for trening på treningssenter, me har ei felles treningsøkt der me øver på ulike øvelser, me gjennomgår regler og deltagere må gjennomfører nokre oppgåver for å syne at ein veit kva som er viktig å hugse på når ein er på eit treningssenter.
Kurset varer ca 2 timer (17.00-19.00)
Kvar: Åseral treningssenter, Fleirbruksbygget
Max 12 deltagere (+3-4 intruktørar).
Eller: 98471661 (Kristine)
Me håper MANGE har lyst til å vere med på introkurs-UNG!
Pause for torsdagstur 2024
Protokoll Årsmøtet 2024
Her er protokollen for årsmøtet i ÅIL 2024
Opning av stadionbygget!
“Azun” (Anders Solum) kjem med sitt trikseshow!