Alle innlegg av Kristine Forgard

Tusen takk til sparebanken norge!

Tusen, tusen takk til den beste banken, Sparebanken Norge!  Åseral IL har vore så heldige å få heile 500 000 kroner i støtte frå Sparebanken Norge til bygging av tråkkemaskingarasje, eit lite lager og ei lita «varmestove/kiosk» til bruk under skirenn i bygda.

Dette er eit prosjekt som vil leggje betre til rette for både frivillige, aktivitet og skiglede i bygda vår. Støtta betyr utruleg mykje for oss!

Det er uvurderlig å ha ein bank som støtter mindre lokalsamfunn som Åseral, og som ser verdien av å bidra til gode, lokale tiltak, som kjem både små og store til gode.

Me set stor pris på at Sparebanken Norge heiar på oss!

Me bøyer oss i støvet og seier igjen: tusen takk for støtta og for at de er med på å gjere ein forskjell!

BLI MED PÅ CROSSFIT-TIME!

Er du medlem av treningssenteret? Då er du hjartelig velkomen på ein Crossfit inspirert time med Gyro, torsdag 29.oktober, kl 19.00-20.15, på Åseral treningssenter! 
Gyro er ei positiv og spræk dame frå Vennesla som har lang og brei erfaring med trening og tøffe økter! 
Maks 20 stk. Første mann eller kvinne til mølla! Passer for alle- god instruksjon blir gitt! Påmelding på SMS til : 98471661 !

Innkalling til ekstraordinært årsmøte i Åseral Idrettslag

Styret i Åseral Idrettslag innkaller til ekstraordinært årsmøte.

Dato: Onsdag 26. august 2026
Tid: Kl. 19.00
Sted: Styrkerommet

Saksliste

1. Godkjenning av de stemmeberettigede

2. Valg av dirigent

3. Valg av protokollfører

4. Valg av to personer til å underskrive protokollen

5. Godkjenning av innkalling og saksliste

6. Valg av nye styremedlemmer

Følgende personer foreslås valgt inn i styret:

  • Anja Cleveland
  • Matilde Ljosland
  • Tonje Kallhovd

De nye styremedlemmene velges for resterende del av inneværende valgperiode.

Det ekstraordinære årsmøtet behandler kun sakene som fremgår av innkallingen.

Vel møtt!

Styret i Åseral Idrettslag
17. august 2026

Introkurs treningssenter for vaksne

Beslutninga er kanskje tatt, du har meldt deg inn på treningssenteret og nå skal du i gong med treninga. Men korleis skal du starte?
Bli med på dette «nybegynner-kurset» der me lærer alt i frå korleis ein kan varme opp før trening, til korrekt og sikker bruk av ulike apparat og vekter, funksjonell trening- og tips til kva ein kan gjere på eigahand- alt etter kva målet ditt er med treninga.
Kurset er gratis og åpent for ALLE- medlemmer og ikkje-medlemmer av treningssenteret (max 15 stk). ÅIL si målsetning er at dette kurset skal skape trygghet for deg som skal begynne med trening på senteret, og at du skal få litt inspirasjon til kva du kan halde på med på senteret.

Me avslutter med ei god felles økt på ca 45 minutter. Her vil du få tips til øvelser du sjølv kan gjer på eigahand.
Kurset er tenkt til dei som er helt ferske innen treningsenter-bruk, og du behøver ikkje ha noko erfaring eller forkunnskap for å delta. 

Det blir også mulig å melde seg inn på treningsenteret denne kvelden.
 
TID OG STAD: Åseral treningssenter,onsdag 11.november, Bordalen, kl 19.00-21.

Påmelding til kurs ved SMS\telefon til:
Kristine Forgard (tlf: 98471661) eller Ann Kristin Tollefsen (99493765)

Kjære deg på ungdomskulen!

Det blir introkurs på Åseral treningssenter for ungdom, 8-10.klasse, torsdag 17.september kl 16-18.
Introkurs-UNG er er eit kurs ein kan delta på, på linje med trafikalt grunnkurs for mopedlappen. Dette kurset gir ungdom i alderen 13-15 år adgang til å trene på Åseral treningssenter 1 time i veka (1 time kvar måndag). Dette kurset gjer også at ungdommen kan trene saman med forelder eller foresatt fram til året du fyller 16 år, om foreldre har abonnement på treningssenteret.
På introkurs-UNG gjennomgår me viktige tips og råd for trening på treningssenter, me har ei felles treningsøkt der me øver på ulike øvelser, me gjennomgår regler for treningssenteret og deltagere må gjennomføre nokre oppgåver for å syne at ein veit kva som er viktig å hugse på når ein er på eit treningssenter.
PÅMELDING: Ann Kristin
(tlf:99493765) eller Kristine Forgard (tlf:98471661) på SMS.

Kakeløpet er tilbake!

Me børstar støv av tradisjonen og inviterer til Kakeløpet!

Finn fram joggeskoa, ta med ein venn og møt opp på Røysland. Derfrå går turen nedover dalen i ditt eige tempo – enten du satsar på bestetid eller tek turen i roleg søndagstakt. Målet er ved Minne Kultursenter, der den velkjende marsipankaka ventar på alle deltakarane.

Praktisk informasjon

Tidspunkt: Søndag,31.mai
Oppmøte: Røysland ved skilegardane

Påmelding: Kl. 13.30–13.50
Start: Kl. 14.00
Distanse: Ca. 6 km

Klassar

  • Turklasse for alle aldrar
  • Konkurranseklasse frå 12 år

Tidtaking

Frivillig tidtaking for deltakarar frå 12 år.

Startkontingent

Gratis deltaking for alle.

Viktig informasjon

Vi oppmodar alle deltakarar til å bruke klede i sterke fargar eller refleksvest, slik at ein er godt synleg for bilistar langs vegen.

Premiering

Premiering skjer like etter at alle deltakarane har kome i mål.

Takk til vår sponsor

Ein stor takk til Coop Prix Åseral, som sponsar den tradisjonsrike marsipankaka!

Vi ønskjer store og små velkomne til ein aktiv og hyggeleg dag i godt lag.

Sparebanken Norge – ein uvurderleg samarbeidspartnar for Åseral IL

Åseral Idrettslag ønskjer å rette ei stor  takk til Sparebanken Norge for støtta gjennom Sør-fondet. Me er utruleg takksame for å ha Sparebanken Norge med som hovudsponsor og samarbeidspartnar.

Gjennom denne tildelinga har Åseral IL fått innvilga heile 375 000 kroner for perioden 2026–2028. Midlane vert fordelte med 125 000 kroner kvart år. Denne støtta betyr svært mykje for laget og lokalsamfunnet. Ho bidreg til at me kan leggje til rette for gode opplevingar, inkludering og aktivitet for born, unge (og vaksne) i Åseral. Med slike samarbeidspartnarar i ryggen kan me halde fram med å skape møteplassar, meistring og idrettsglede.

Me set stor pris på at Sparebanken Norge satsar på lokalsamfunna, og på det viktige arbeidet frivilligheita står for. Dette gir både motivasjon og inspirasjon til vidare innsats i laget.

Tusen, tusen takk for tilliten!

— Åseral Idrettslag

innkalling og Sakliste for årsmøte ÅIL

TIDSPUNKT: Tirsdag 7. april kl. 18:00, Kinosalen på Minne kultursenter.

 Saksliste:

  1. Gjennomgang av stemmeberettiget
  2. Godkjenning av innkalling og saksliste.
  3. Valg av dirigent og referent
  4. Valg av to personer til å skrive under møteprotokollen
  5. Årsmelding 2025
  6. Godkjenning av regnskap 2025
  7. Budsjett 2026
  8. Fastsettelse av kontingent
  9. Valg

Kaffi, saft, kanelboller og frukt blir servert! 

REGNSKAP 2025 ÅIL

Innkalling_årsmøte_ÅIL_2026