Alle innlegg av Kristine Forgard

INTROKURS UNG 2023

Kjære deg på ungdomsskulen! DU er hjertelig velkomen på introkurs-UNG ved Åseral treningssenter!
Introkurs-UNG er er eit kurs ein kan delta på, på linje med trafikalt grunnkurs for mopedlappen. Den gir ungdom i alderen 13-15 år adgang til å trene på Åseral treningssenter 1 time i veka (1 time måndag – etter visse betingelser.
På introkurs-UNG gjennomgår me viktige tips og råd for trening på treningssenter, me har ei felles treningsøkt der me øver på ulike øvelser, me gjennomgår regler og deltagere må gjennomfører nokre oppgåver for å syne at ein veit kva som er viktig å hugse på når ein er på eit treningssenter.
Dato: Onsdag 27.september
Kurset varer ca 2 timer (17.30-19.30)
Max 12 deltagere (+ 3 intruktørar).
Meld deg på ved å sende SMS til: 99493765(AK) Eller: 98471661 (Kristine)
Me håper MANGE har lys til å vere med på introkurs-UNG! 

velkomen på intervall

Hjertelig velkomen til ÅIL intervalltrening på Åserals flotte friidrettsbane, kl 17-18- 4 tysdagar! 

4 tysdager i mai har du muligheten til å bli med på nokre knallgode økter som gir god effekt på både kondisjon og fart.

Kvar og ein spring intervallene i SI fart. Ein må absolutt ikkje ver i god form for å delta!

Kven er treninga for? Alle! Jenter, guter, kvinner og menn som har lyst på ei god økt- frå 12 år og opp.

 

Kva treng du? Joggesko, behagelege klær og ei drikkeflaske.

Varighet? Inkludert god oppvarming og litt tøying varer intervalløkta ca 45-50 minutter.

Tidspunkt: tysdag 2.mai, tysdag 9.mai, tysdag 16.mai og tysdag 23.mai , kl 17-18

 

NB! Intervalltrening er ei relativt hard treningsform (uansett kva form ein sjølv er i), så sliten blir ein. Men du verden så digg etterpå! 

Instruktører: Kristine Forgard og Tonje Reisersdal

VELKOMEN!