Kategoriarkiv: Nyheter forside

ÅIL KVELD MED FENRIKEN

Velkomen til ein inspirerande og hyggelig kveld med Fenriken -og masse god mat!

Kvelden blir i Åseral fleirbrukshall, og i kantina der. Her er det god plass til alle!

DU er hjartelig velkomen, torsdag 16.januar 2025!

P R O G R A M :
Kl 18.00-18.45:
Åseral idrettslag seier TUSEN TAKK til alle frivillige gjennom tidene: utan dykk- ingen ÅIL! Ordføraren, Jan Oddvar- med fleire tek oss med på eit kort, muntert, historisk tilbakeblikk på ÅIL si frivillige historie, i bilder og tekst. Her kan det dukke opp mykje rart.  Det blir også ein liten KAHOOT omkring ÅIL- med saftige premier!

Kl:18.45-19.45:
Det vil bli servert velsmakande taco-suppe frå Hamkoll, samt frukt, kaker og kaffi. Her er det berre å glede seg til masse digg mat!

19.45-20.45:
Inspirerande og humoristisk foredrag med sjølvaste Fenriken, Geir Aker. Kjent frå Kompani Lauritzen. Det er mogleg å få kjøpt signert bok etter foredraget.

ALLE er velkomne! Både gamal og ung- medlemmer og ikkje medlemmer!

PRIS:

Heile kvelden (foredrag, mat og drikke) er gratis for dei som har vore- eller er frivillige i Åseral idrettslag. Var du med å arrangere kakeløp på 90 tallet? Har du vore fotballtrener? Badevakt? Ingen dugnad for liten- ingen for stor.

Andre gjester:

Pris foredrag med Fenriken:

  • Vaksne frå 18 år: 200
  • Ungdom frå 10 til 18 år: 100 kr
  • Born under 10 år: gratis

Annys Tacosuppe med deilig tilbehør, kake, frukt og kaffi: 100 kr

Begrenset antall plasser. Påmelding til mat+foredrag, innen 5.januar. Påmelding foredrag: mulig så lenge det er plass (maks 300 stk).
Dersom det fortsatt er ledige plasser til foredraget, vil det vere mulig med «drop-inn» på sjølve dagen (betales med vipps eller kontanter i døra) 

PÅMELDING VIA SKJEMA DU FINN VED Å TRYKKE PÅ LINK HER: https://forms.gle/JHguf2o4TnWoXWhf6

ELLER SEND SMS\TELEFON til: 98471661 (Kristine Forgard).



Save the date

Save the date: torsdag 16.januar 2025 kjem Fenrikken til Åseral fleirbrukshall for å halde foredrag og underhalde.
Åpent for alle som vil-om du er åsdøl, eikdøl, venndøl eller valldøl. Gratis for alle frivillige i ÅIL (jobba du frivillig for ÅIL hausten 1982, så er det godkjent som inngonsbillett). Meir informasjon og påmelding kjem😀😎 Stay tuned💪🏽

➡️Informasjon frå Åseral treningssenter⬅️

Fyrst og fremst: tusen takk til deg som er medlem av Åseral treningssenter- uten deg, ingen treningssenter🥳Me har også plass til fleire medlemer, så om du vurderer å melde deg inn, skal du vere hjartelig velkomen (uansett form og fasong😀💪🏽). Me har ope kontor kvar måndag frå klokka 18.00-19.00, og du finn kontoret inne på treningssenteret i fleirbrukshallen.
Me minner så om nokre av reglene for treningssenteret:
✅For å trene aleine på treningssenteret må du ha ei eiga brikke for å kome deg inn. Dersom du ikkje har brikke kan du bli med ein ven/familiemedlem, men du må då vippse 75 kr pr.gong til 506870.
✅For å få eiga brikke må du fylle 16 år det året du kjøper deg brikke. Det vil sei: dersom du går i 10.klasse og fyller 16 år i 2025, kan du ikkje kjøpe eiga brikke før 2025.
✅Dersom du har vore på introkurs kan du trene gratis kvar måndag kl 18.00-19.00, ut året du fyller 16. Du kan og, dersom føresette har eiga brikke og er med deg å trener på senteret, trene gratis fram til året du fyller 16. Det er IKKJE lov å låne mor eller fars brikke og gå aleine.
✅Det er ikkje lov å flytte på treningsapparata. Den siste tida har me fått tilbakemeldinger på at den nye beinpressmaskinen er blitt flytta på fleire gonger. Dette skader både golv og maskin. Ver vennleg å respekter dette!
✅Vask apparat, manualer og treningsmatter etter bruk- alltid🚿😀 Det står sprayflasker rundt om i lokalet til dette føremål.

Introkurs UNG treningssenter 2024

Kjære deg på ungdomsskulen!
 
Velkomen på introkurs-UNG ved Åseral treningssenter!
Introkurs-UNG er er eit kurs ein kan delta på, på linje med trafikalt grunnkurs for mopedlappen. Den gir ungdom i alderen 13-15 år adgang til å trene på Åseral treningssenter 1 time i veka (1 time måndag – etter visse betingelser).
På introkurs-UNG gjennomgår me viktige tips og råd for trening på treningssenter, me har ei felles treningsøkt der me øver på ulike øvelser, me gjennomgår regler og deltagere må gjennomfører nokre oppgåver for å syne at ein veit kva som er viktig å hugse på når ein er på eit treningssenter.
Dato: Mandag 2.september
Kurset varer ca 2 timer (17.00-19.00)
Kvar: Åseral treningssenter, Fleirbruksbygget
Max 12 deltagere (+3-4 intruktørar).
Meld deg på ved å sende SMS til: 99493765(AK)
Eller: 98471661 (Kristine)
Me håper MANGE har lyst til å vere med på introkurs-UNG! 
Se mindre

Opning av stadionbygget!

Åseral IL inviterer til storslagen opning av vårt flotte stadionbygg!
Kl.16.30 blir det offisiell opning v/ordførar Inger Lise Lund Stulien, etterfulgt av;
🍔🌭🍰Gratis mat til alle frå grillen! Kake blir det sjølvsagt og!
⚽️🎯Fotballdart! Kven treff nærmast midten?
Verdsmeister i fotballtriksing
“Azun” (Anders Solum) kjem med sitt trikseshow!
Kl.18.30 har Åseral J13 kamp mot Randesund og satsar på ein stor heiagjeng!
 

Troll Aktiv cup

På lørdag var det Troll Aktiv cup i fotball på Evje. Åseral stilte med et Mix7-lag, et Mix8-lag og et Mix10-lag. Det var god stemning og mye god fotball. Det er ei lovende fremtid vi har. 🙂
Må også få lov til å rose Otra IL for et enormt bra arrangement med mye aktiviteter og en fantastisk speaker. Ungene stormet avgårde når Norges «nest» Tøffeste kom i brannbilen. 😃