Kategoriarkiv: Nyheter forside

Introkurs treningssenter for vaksne

Beslutninga er kanskje tatt, du har meldt deg inn på treningssenteret og nå skal du i gong med treninga. Men korleis skal du starte?
Bli med på dette «nybegynner-kurset» der me lærer alt i frå korleis ein kan varme opp før trening, til korrekt og sikker bruk av ulike apparat og vekter, funksjonell trening- og tips til kva ein kan gjere på eigahand- alt etter kva målet ditt er med treninga.
Kurset er gratis og åpent for ALLE- medlemmer og ikkje-medlemmer av treningssenteret (max 15 stk). ÅIL si målsetning er at dette kurset skal skape trygghet for deg som skal begynne med trening på senteret, og at du skal få litt inspirasjon til kva du kan halde på med på senteret.

Me avslutter med ei god felles økt på ca 45 minutter. Her vil du få tips til øvelser du sjølv kan gjer på eigahand.
Kurset er tenkt til dei som er helt ferske innen treningsenter-bruk, og du behøver ikkje ha noko erfaring eller forkunnskap for å delta. 

Det blir også mulig å melde seg inn på treningsenteret denne kvelden.
 
TID OG STAD: Åseral treningssenter,onsdag 11.november, Bordalen, kl 19.00-21.

Påmelding til kurs ved SMS\telefon til:
Kristine Forgard (tlf: 98471661) eller Ann Kristin Tollefsen (99493765)

Kjære deg på ungdomskulen!

Det blir introkurs på Åseral treningssenter for ungdom, 8-10.klasse, torsdag 17.september kl 16-18.
Introkurs-UNG er er eit kurs ein kan delta på, på linje med trafikalt grunnkurs for mopedlappen. Dette kurset gir ungdom i alderen 13-15 år adgang til å trene på Åseral treningssenter 1 time i veka (1 time kvar måndag). Dette kurset gjer også at ungdommen kan trene saman med forelder eller foresatt fram til året du fyller 16 år, om foreldre har abonnement på treningssenteret.
På introkurs-UNG gjennomgår me viktige tips og råd for trening på treningssenter, me har ei felles treningsøkt der me øver på ulike øvelser, me gjennomgår regler for treningssenteret og deltagere må gjennomføre nokre oppgåver for å syne at ein veit kva som er viktig å hugse på når ein er på eit treningssenter.
PÅMELDING: Ann Kristin
(tlf:99493765) eller Kristine Forgard (tlf:98471661) på SMS.

Kakeløpet er tilbake!

Me børstar støv av tradisjonen og inviterer til Kakeløpet!

Finn fram joggeskoa, ta med ein venn og møt opp på Røysland. Derfrå går turen nedover dalen i ditt eige tempo – enten du satsar på bestetid eller tek turen i roleg søndagstakt. Målet er ved Minne Kultursenter, der den velkjende marsipankaka ventar på alle deltakarane.

Praktisk informasjon

Tidspunkt: Søndag,31.mai
Oppmøte: Røysland ved skilegardane

Påmelding: Kl. 13.30–13.50
Start: Kl. 14.00
Distanse: Ca. 6 km

Klassar

  • Turklasse for alle aldrar
  • Konkurranseklasse frå 12 år

Tidtaking

Frivillig tidtaking for deltakarar frå 12 år.

Startkontingent

Gratis deltaking for alle.

Viktig informasjon

Vi oppmodar alle deltakarar til å bruke klede i sterke fargar eller refleksvest, slik at ein er godt synleg for bilistar langs vegen.

Premiering

Premiering skjer like etter at alle deltakarane har kome i mål.

Takk til vår sponsor

Ein stor takk til Coop Prix Åseral, som sponsar den tradisjonsrike marsipankaka!

Vi ønskjer store og små velkomne til ein aktiv og hyggeleg dag i godt lag.

Sparebanken Norge – ein uvurderleg samarbeidspartnar for Åseral IL

Åseral Idrettslag ønskjer å rette ei stor  takk til Sparebanken Norge for støtta gjennom Sør-fondet. Me er utruleg takksame for å ha Sparebanken Norge med som hovudsponsor og samarbeidspartnar.

Gjennom denne tildelinga har Åseral IL fått innvilga heile 375 000 kroner for perioden 2026–2028. Midlane vert fordelte med 125 000 kroner kvart år. Denne støtta betyr svært mykje for laget og lokalsamfunnet. Ho bidreg til at me kan leggje til rette for gode opplevingar, inkludering og aktivitet for born, unge (og vaksne) i Åseral. Med slike samarbeidspartnarar i ryggen kan me halde fram med å skape møteplassar, meistring og idrettsglede.

Me set stor pris på at Sparebanken Norge satsar på lokalsamfunna, og på det viktige arbeidet frivilligheita står for. Dette gir både motivasjon og inspirasjon til vidare innsats i laget.

Tusen, tusen takk for tilliten!

— Åseral Idrettslag

Tine Fotballskole Åseral 2026

Da er påmeldingen til årets fotballskole i gang!
Tine Fotballskole Åseral 2026 er i år fra fredag 19.juni til søndag 21.juni.
Fredag 19.juni 16.00-19.00 (Alle får havregrøt, frukt og tinedrikk) Oppmøte, gruppeinndeling, utdeling av utstyr, litt øvelser.
Lørdag 20.juni 10.00-15.00 (Alle får brødskiver, frukt og tinedrikk) Øvelser, fotballdart
Søndag 21.juni 10.00-16.00 (Grilling av hamburger og pølser og tinedrikk) Øvelser før mat, turnering etter mat. Det blir fotballdart og kanskje noen fotballspillere fra ik Start dukker opp.? 🙂
Aldersgrense er 6-12 år (2020-2014- modeller). 2020-modeller MÅ ha med seg en forelder hele helga. Vi ønsker å ha en voksen til å hjelpe til på den minste gruppa, såper at noen foreldre kan bidra med å hjelpe med dette et par timer hver i løpet av helga. Kan skrive seg på dette i skjemaet under.
Alle får utdelt hver sin sekk, t-skjorte, drikkeflaske og fotball.
Om du melder på flere søsken, så må det fylles ut et eget skjema per søsken. Betalingen må være gjort FØR dette skjemaet fylles ut. Det koster 900 kroner per deltaker, mens det koster 700 kroner for søsken (Altså 1600 totalt for 2 søsken og 2300 totalt for 3 søsken). Betales inn på kontonummer 3148.11.00405.
Vi har ordning for å dekke påmeldingsavgift for de som sliter med å betale påmeldingsavgift (Ta kontakt med Svein, kun han og regnskaps-ansvarlig som vil vite hvem som benytter seg av dette).
Når skjemaet er sendt inn, skal du få en kopi av ditt påmeldingsskjema på mailen din som en bekreftelse på påmeldingen (havner av og til i søppelposten).
Påmeldingen er bindende og vi har dessverre ikke mulighet til å refundere avgiften ved avmelding, da vi bestiller inn utstyr og mat etter hvor mange det er påmeldt.
Påmeldingsfrist er 15.05.2026.
Ta kontakt på fotballgruppa@aail.no eller Svein Åsland 46700599 om det er noen spørsmål.

innkalling og Sakliste for årsmøte ÅIL

TIDSPUNKT: Tirsdag 7. april kl. 18:00, Kinosalen på Minne kultursenter.

 Saksliste:

  1. Gjennomgang av stemmeberettiget
  2. Godkjenning av innkalling og saksliste.
  3. Valg av dirigent og referent
  4. Valg av to personer til å skrive under møteprotokollen
  5. Årsmelding 2025
  6. Godkjenning av regnskap 2025
  7. Budsjett 2026
  8. Fastsettelse av kontingent
  9. Valg

Kaffi, saft, kanelboller og frukt blir servert! 

REGNSKAP 2025 ÅIL

Innkalling_årsmøte_ÅIL_2026

 

informasjon frå ÅSeral treningssenter

Fyrst og fremst: tusen takk til deg som er medlem av Åseral treningssenter- uten deg, ingen treningssenter🥳
Me har også plass til fleire medlemmer, så om du vurderer å melde deg inn, skal du vere hjartelig velkomen (uansett form og fasong😀💪🏽). Me har ope kontor kvar måndag frå klokka 18.00-19.00, og du finn kontoret inne på treningssenteret i fleirbrukshallen. Velkomen innom! 
 
Me minner så om nokre av reglene for treningssenteret:
✅For å trene aleine på treningssenteret må du ha ei eiga, aktiv brikke for å kome deg inn. Du kan ikkje låne vekk brikka di til andre, eller låne andres brikke. Dersom du ikkje har ei aktiv brikke kan du bli med ein ven/familiemedlem, men du må då vippse 75 kr pr.gong til 506870.
✅For å få eiga brikke må du fylle 16 år det året du kjøper deg brikke. Det vil sei: dersom du går i 10.klasse og fyller 16 år i 2026, kan du kjøpe eiga brikke i 2026.
✅Dersom du har vore på introkurs kan du trene gratis kvar måndag kl 18.00-19.00, ut året du fyller 16. Du kan og, dersom føresette har eiga brikke og er med deg på senteret, trene gratis fram til året du fyller 16. Det er IKKJE lov å låne mor eller fars brikke og gå aleine på treningssenteret, uansett alder. 
✅Det er ikkje mulig å pause abonnementet, gi det til nokon andre, eller få refundert penger dersom du angrer kjøpet. Kjøpet er personlig. 
✅Rydd opp etter deg, og vask apparat, manualer og treningsmatter etter bruk- alltid🚿😀 Det står sprayflasker rundt om i lokalet til dette føremål.
 
 
 
 
 
 

Årsmøte 2026

Årsmøte i Åseral idrettslag 2026
Når: Tysdag 7.april
Sted: Minne Kultursenter
Klokka:18.00
Det vil bli servert verdens beste kanelboller, frukt kaffi og saft🧇☕️🥤
Saksliste vil bli lagt ut her på heimesida ei veke før. Saker kan sendes til sveinung@fjordservice.no, innen 25.mars. 

Alle velkomne!