Kategoriarkiv: Nyheter ballgruppe

Romjolscup i futsal

28. desember kan DU delta med DITT lag på romjolscup i futsal i Åseral fleirbrukshall!

Laga skal bestå av 4 spelarar pluss keeper og minst ei dame på banen til einkvar tid.

Maks 7 spelarar per lag. Nederste aldersgrense er 13 år.

Ein frå kvart påmeldte lag må stille som dommar. Hugs å oppgi namn på dommar og lag ved påmelding!
Pris per deltakar er 50 kr.

Svømmehallen og badstua held ope med følgjande inngangspris:
Enkelbillett 30 kr (born og vaksne)
Familie 100 kr
Born under 10 år i følgje med ein vaksen

Ope kiosk med diverse kioskvarer og mat.

Vil du vere med og arrangere? Me treng frivillige til kiosk og som badevaktar!

Påmelding som deltakar eller frivillig innan 20.desember til:
Svein på tlf/e-post: 48112341 / s_aasland_9@msn.com