Torsdagsturer for deg, 2018

 

Velkommen til ny sesong med «Torsdagstur for deg» – er du klar?

Etter godt oppmøte av fine tur-folk i 2014, 2015, 2016 og 2017 fortsett Åseral idrettslag med «torsdagstur for deg» i 2018- og me har mykje spanande på menyen i år.

Det blir gåtur ein torsdag i mai, 3 torsdagar i juni, og alle 4 torsdagane i september. Det vil bli gåtur på ulike vegar rundt om i Åseral kommune- nokre klassiske turar-og nokre nye, og me vonar DU vil med på tur. Me vil ha med ALLE uansett alder og form.

Turen vil vara i ca.2-3  timar, og her kan du gi på det du sjølv vil. Lår og kondisjon vil få litt og jobbe med på desse turene- om du vil, men du kan også velje å ta det rolig. Du tek turen i ditt tempo, og kan snu når DU vil. Det blir tur UANSETT ver, her er det bare å kle seg etter forhalda.

I år, som i fjor, prøver me også å starte i 2 puljer- der den fyrste pulja starter 15 minutt før den andre. Målet og tanken er at   begge gruppene sannsynlegvis når målet til same tid og kan nyte turmålet saman med ein god pause. Dette vil bidra til at du som kjenner at du har lyst til å ta det ekstra roleg får sjansen til nettopp det. Og du som vil gi på litt, kan det. Me møtes alle til start i den gruppa me ønsker. Det vil gå ein «turleder» med kvar gruppe.

Torsdag står jo for TUR. Når juni er over, vonar me at torsdagen mentalt er blitt etablert som ein tur-dag, og at du automatisk kjem deg ut i trimskoa fram til me startar att i september!

Ta gjerne med deg gåstavar, ein venn eller ein hund, litt pausesnacks og drikkeflaske:-)

Alle, uansett fødselsår, form, farge og fart er hjertelig velkomne!

Oversikt turer 2018

Mai:

31.mai: Me startar friskt med tur til vakre og ville Sjåvassknuten- som har vid usikt rundt i alle retninger. Me møtes i Glypen i Kyrjebygd kl 18.00, kanskje ferdig oppvarma etter sykkel eller gåtur til startpunktet. Ein kan parkere i Sosteli om ein har bil. Bakkeliæ, som er fyrste bakken, er bratt, men på toppen flyt me innover mot Sjåvassknuten i kuppert terreng. Godt merka sti. Mulig det fortsatt ligg litt snø her og der- så kanskje joggeskoa bør vente litt..

Lengde: ca. 10 km t/r | Tidsbruk: ca. 2.5-3 t t/r | Vanskelighet: middels |Start: kl. 18.00 for pulje 1, og 18.15 for pulje 2. Turledere: Kristine og Oddvar

 

JUNI:

7.juni: I dag skal me bli med på ein heilt ny og spanande tur- til den ukjende perla Bliksvatn. Familien Kjell Ljosland viser veg og fortel frå området. Me møtes på parkeringa ved Kløyvstøl, som ligg på veg mot Ljosland. Det vil bli sett opp eit tydeleg skilt her, slik at du veit kvar du skal stoppe for parkering. Turen går på den gamle øygardsvegen opp Kløyvstølsdalen. På fyrste km tek ein ca 300 høgdemeter, så litt opp i høgden skal me. På heimveg kan dei som vil legge turen oppom Knapeknodden (850 moh) for ein fin topptur.

Lengde: ca. 5 km t\r | Tidsbruk: ca. 2.5 t t/r | Vanskelighet: lett til middels

Start: kl. 17.30 for pulje 1, og 17.45 for pulje 2. Turleder med kvar pulje.

Turledere: Familien Kjell Ljosland og Kristine

 

14.juni:  Denne torsdagen skal me gå ein rundtur frå Kaddeberg i Kyrkjebygd- til Thorlsand. Me starter turen med å gå opp mot Masta, før me tek av vegen, og går inn mot Mjåvatn- og over til Thorslandsheia. Vel nede på Thorsland går me tilbake til Kaddeberg på grusveg. Det er også mogleg å parkere i bunnen av Thorslandsheia, og gå biten ned til Kaddeberg før turstart- om ein ønsker å avslutte turen på Thorsland. Denne  turen er relativt fuktig i visse partier- så dei nye, kvite joggeskoa bør kanskje bli heime..

Lengde: ca. 6 km t/r | Tidsbruk: ca. 2 t/r | Vanskelighet: middels kravande

Start: kl. 17.30 for pulje 1 (rolig), og 17.45 for pulje 2 (rask). Turleder med kvar pulje

Turledere: Tanya og Kristine

21.juni:  Siste «torsdagasturen» i juni blir med  historisk sus og startar i Hamkoll. Me parkerer og møtes bak det store, gule reiskapshuset (sving til høgre før brua i Hamkoll). Så går me saman på grusveg og i ulent terreng med mål om Snøfjell og flyvraka etter andre verdskrig. Det er ein bratt tur i starten, så om du ønsker ein god trimtur, kan du absolutt få det her.

Lengde: ca. 6 km t/r | Tidsbruk: ca. 2.5  t/r | Vanskelighet: middels kravande

Start: kl. 17.30 for pulje 1, og 17.45 for pulje 2. Turleder med kvar pulje. .

Turledere: Ann Kristin og Oddvar

SEPTEMBER:

6.september: Septembers fyrste tur! I dag vil me til topps i Åseral, heilt til Skoræ- så høgt du kan koma! Ein klassikar, også på «torsdagstur for deg». Flott tur til Åseral sitt høgaste fjell og Norges sørlegaste fjell på over 1000 meter. Turen startar ved Farevatn på Ljosland. Starten på løypa går stort sett på grusvei, deretter på fin sti. Løypa er stort sett merka, og ganske lett å sjå. Turen går over skoggrensa, så utsikten er fantastisk!.

Lengde: ca. 10,4 km t/r | Tidsbruk: ca. 2-3 t t/r | Vanskelege: middels kravande

Start: kl. 16.40 for pulje 1, og 17.00 for pulje 2. Turleder med kvar pulje.

Turledere: Nina og Åshild

13.september: I dag går turen til Vareheiæ på Eikerapen. Godt merka sti heile vegen og ca 300 m stigning totalt. Her er utsikten upåklagelig. Me møtes ved Eikerapen alpinsenter og går der i frå. Kanskje ein is på Eikerapen gjestegard etter endt tur er på sin plass?

Lengde: ca. 6 km t/r | Tidsbruk: ca. 2-2.5 t t/r | Vanskelighet: middels

Start: kl. 16.40 for pulje 1, og 17.00 for pulje 2. Turleder med kvar pulje.

Turledere: Åshild og Oddvar

20.september: I dag skal me til topps på vakre Bortelid! Me møtes ved skisenteret og tek turen til eit formidabelt utsiktspunkt oppe på heia. Me startar med ein del stigning, før det flater fint ut på toppen. Delvis merka sti frå toppen av. Bli med på ein nydelig tur!

Lengde: ca 7 km t/r | Tidsbruk: ca 2-3 t t/r | Vanskelighet: middels

Start: kl 16.30 for pulje 1, og 16.45 for pulje 2. Turleder med kvar pulje.

Turledere: Nina og Oddvar

27.september:  Årets siste torsdagstur til varen på Vætingfjeddet, på Honna-heia. Eit vakkert området- kanskje litt ukjend for dei fleste. Me parkerer ved Trafoen på Honnaheia- og så legg me i veg mot varen som ligg høgt til fjells. Me går på grusveg, sti, mye og fjell. Fantastisk utsikt frå toppen!

Lengde: ca 7 km t/r | Tidsbruk: ca 2 t t/r | Vanskelighet: middels

Start: kl 16.30 for pulje 1, og 16.50 for pulje 2. Turleder med kvar pulje.

Lengde: ca 7 km t/r | Tidsbruk: ca 2-3 t t/r | Vanskelighet: middels

Start: kl 16.30 for pulje 1, og 16.50 for pulje 2. Turleder med kvar pulje.

Turledere: Cathrine og Kristine\Oddvar

Alle som er medlem av ÅIL og blir med på 6 av dei 8 torsdagsturane får eit flott ÅIL panneband eller hue heilt gratis (Swix). Perfekt til friluftsliv og trening.