Medlemskap og kontingent

Kontingent

Meld deg inn og betal online på www.minidrett.no

Medlemskontingenten blir sendt ut kvart år etter at årsmøtet er heldt. I 2015 gjekk ÅIL over til idretten si nye medlemsregisterløysning, KlubbAdmin. Alle som er medlem i eit idrettslag får då si eiga personlege profil på www.minidrett.no. Her kan du melde deg inn, betale kontingent og lisensar, melda deg på konkurransar og kurs og administrera dine medlemskap.

Merk at det er fleire måtar å betale kontingenten på! Ver venleg å betale den til forfall. Å sende ut faktura og purringar i posten er den mest kostbare og ressurskrevjande løysinga for klubben. Kvar einskild KID-faktura kostar idrettslaget 14kr, i tillegg må kvar faktura skrivast ut, leggast i konvoluttar og leverast på posten. Dette krev mykje tid!

Så har du ein e-post, betal fakturaen online på www.minidrett.no, så bidreg du mykje til at lagets frivillige kapasitet kan fokuserast på aktivitet og idrett!

Ynskjer du ikkje lenger å stå som medlem, er det betre at du gjev oss beskjed, enn å berre oversjå fakturaen. Då kan me raskt få meldt deg ut, og unngår slik å sende ut unødige purringar.

Ved utmelding, gje beskjed på tove@aail.no / 45202748

Styret vedtok å innføra purregebyr på møtet 01.06.15

Medlemskontingent for 2021:
Vedteke på årsmøtet 2021

Familie 800,-
Enkeltmedlem   350,-
Born (fram til og med året medlemen fyllar 17 år)  150,-
Senior (frå året medlemen fyller 65 år)  150,-

§ 3 Medlemar
(1) For at ein person skal takast opp i idrettslaget må vedkomande:
akseptere å overhalde idrettslaget og overordna        organisasjonsledd sitt regelverk og vedtak.
b) ha gjort opp eventuelle økonomiske forpliktingar til idrettslaget og andre organisasjonsledd i NIF.

(3) Medlemskap i idrettslaget er først gyldig frå den dag kontingent er betalt.
(4) Medlemen pliktar å overhalde NIF, tilslutta organisasjonsledd og idrettslaget sitt regelverk og vedtak.
(5) Utmelding skal skje skriftleg og får verknad når den er motteke.
(6) Idrettslaget kan fråta medlemskap frå ein medlem som etter purring ikkje betalar fastsett medlemskontingent. Medlem som skuldar kontingent for to år, taper automatisk sitt medlemskap i idrettslaget og skal strykast frå laget si medlemsliste.

Styremøtereferat 1.6.15
Styremøtereferat 1.6.15
01.06.15.pdf
Version: 06.15
340.1 KiB
1184 Downloads
Detaljer