VELKOMEN TIL ALLIDRETTEN!

Her skal me ha mykje leik og moro! Me skal innom mange aktivitetar og dette er planen før jol. Etter jol kjem ny plan og når det er skirenn kjem allidretten til å utgå for å støtte opp om skirenna. For dei minste blir det ikkje så mykje organisert aktivitet, men me ser gruppa litt an og tek det litt som det kjem. Alle i denne gruppa (0-5 år) må ha med seg ein vaksen.

Me vil gjerne ha hjelp av fleire foreldre til «skulegruppene» og har du ei veke eller to du tenkjer at du kan vere med så gje oss beskjed! Ein av oss vil vere med kvar gong så du skal ikkje ha ansvaret aleine før du eventuelt er gira på det. Me har ferdig opplegg for kvar gong med tips til aktivitetar som kan tilpassast etter behov. Lærer me ungane å bli glad i kvarandre på fritida har me også gjort mykje positivt for skulemiljøet!

SAMAN KAN ME SKAPE EIT GODT AKTIVITETSMILJØ FOR BORNA I ÅSERAL!

Hallgruppa ved Linn Karin, Nina, Kari-Anne og Gunvor

Allidretten
Allidretten
Allidretten.png
29.2 KiB
205 Downloads
Detaljer